Hopp til innhold

Her er dei i mål etter TikTok-utfordring – gjekk 100.000 skritt på eitt døgn

Kompisgjengen trudde gåturen skulle bli så enkel at den blei kjedeleg. – Men det er det verste eg nokon gong har gjort, seier Mathias Bringedal (15).

Adrian Grinde, Mathias Kalstad Bringedal og Jan Ove Nielsen Bringedal.

I MÅL: Adrian Grinde, Mathias Kalstad Bringedal og Jan Ove Nielsen Bringedal har akkurat nådd målet og er tilbake der turen starta. Dei har gått 100.000 skritt på 24 timar.

Foto: Privat

Den siste tida har mange prøvd seg på TikTok-utfordringa om å gå 100.000 skritt på 24 timar. Videoar med emneknaggen #100000stepchallenge har blitt populære på det sosiale mediet.

Kompisgjengen frå Haugesund og Karmøy ville hiva seg på trenden. Men 100.000 skritt er meir enn det kanskje høyrest ut som.

– Eg vil vel seia at det er det verste eg nokon gong har gjort. Både fysisk og psykisk, seier Mathias Bringedal (15).

Saman med Fredrik Bjelland Østrått (16) og Adrian Grinde (15) tok han på seg sekken og la ut på vandring klokka fem om morgonen sist laurdag.

Ruta dei la opp til var Norheim – Skudeneshavn tur-retur. Ei rute på om lag 67 kilometer. Dei måtte likevel gå lengre for å få 100.000 skritt. Til slutt blei det 74 kilometer.

Gutane gjekk tur-retur Norheim-Skudeneshavn i Karmøy kommune.

Måtte ha pause på kvart busstopp

Alle gutane trenar regelmessig fotball og på treningsstudio.

– I starten tenkte me at det skulle gå veldig fint, og at det kom til å bli litt kjedeleg. Men på tilbaketuren blei det veldig tungt, og det var uvisst om me ville klara det, seier Mathias.

Han var kanskje den av dei tre som hadde førebudd seg mest. Han brukte 20 minutt på å pakka sekken.

100.000 skritt tar på. Her går turen mot slutten.

Undervegs blei det pølser til middag og mange korte stopp.

– Det var vanskeleg å gå forbi busstopp utan å setja seg. Me hadde ofte to minutts pause når me gjekk forbi ein busstopp.

Nå vil dei råda alle andre som skal kasta seg på trenden til å førebu seg betre enn dei gjorde.

– Det kunne vore lurt å pakka med seg litt sunn mat, som banan og frukt.

«Tore på sporet» håpar fleire blir med

Og gutane får ros frå det som må kunne seiast å vere uventa hald.

– Dette likar eg. Det er folkehelse, seier programleiar Tore Strømøy.

Han er best kjent som «Tore på sporet», men Strømøy kan også mykje om det å gå langt. Han har nemleg vunne tolv noregsmeisterskap i kappgang, og skulle også delta i OL i kappgang i 1980. Men det enda med at Noreg trekte seg i protest.

Tore Strømøy deltok i Catalansk mesterskap i kappgang

Tore Strømøy deltok i Catalansk meisterskap i kappgang.

Foto: Arkiv

Strømøy meiner det er «heilt topp» at slike trendar dukkar opp og ber ungdommar slenga seg på.

– Set gjerne nokre rekordar slik at ein har noko å strekke seg etter, seier han.

Han meiner unge ikkje har vondt av å bli litt utkøyrde, men at ein ikkje skal leggje ut på ein slik tur utan trening.

Mathias Kalstad Bringedal er sliten etter å ha gått 100.000 steg

HEILT UTSLITEN: Mathias Kalstad Bringedal ligg strekk ut i gangen etter å ha gått heile turen. Her blei han liggjande frå han ramla inn døra rett før klokka 00 til han klarte å gå opp trappa og rett til eit varmt bad.

Foto: Privat

– Dette kan alle klare

Sykkeltrenar og overlege ved Stavanger universitetssjukehus Stein Ørn er også positiv til at folk vil gå 100.000 skritt på eitt døgn.

– Alt som stimulerer til fysisk aktivitet er positivt. Sjølv om 24 timar er lenge, klarer dei fleste å gå, seier han.

Stein Ørn

Overlege og sykkeltrenar Stein Ørn.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Ørn meiner det er heilt normalt å kjenne seg sliten og ha vondt rett etter ein slik tur. Men så vil kroppen bli sterkare.

– Kroppen brukar mykje krefter på å bygge seg opp igjen. Den gode effekten kjem etter ei stund. Og då er det viktig å halde forma ved like, seier han.

Benedicte Andrå og Margrethe Warø frå Elverum er blant dei som har kasta seg på TikTok-trenden.

Overlegen trur utfordringar om å gå langt kan vere med på å gi meirsmak slik at folk blir meir fysisk aktive.

Folk treng ikkje førebu seg mykje før dei går, meiner Ørn.

– Så lenge ein ikkje blir uvanleg sliten eller kjenner teikn på sjukdom undervegs, kan ein halde fram.

Adrian Grinde, Fredrik Bjelland Østrått, Mathias Kalstad Bringedal

Adrian Grinde, Fredrik Bjelland Østrått, Mathias Kalstad Bringedal gjekk 100.000 steg på eit døgn.

Foto: Privat