Hopp til innhold

– Taxisjåfør angreip parkeringsvakt utanfor blodbanken

Ein parkeringsvakt frå Q-Park skal ha blitt slått ned av ein taxisjåfør utanfor blodbanken på Stavanger universitetssjukehus tysdag ettermiddag.

Stavanger universitetsjukehus (SUS)

OVERFALL: Utanfor Stavanger universitetssjukehus skal parkeringsvakta ha blitt slått ned av ein taxisjåfør. (arkivfoto)

Foto: Eirin Larsen

Etter det parkeringsvakta har fortalt til politiet, sto drosjen på ambulansen sin parkeringsplass utanfor blodbanken på Stavanger universitetssjukehus.

– Då parkeringsvakta sa til taxisjåføren at sistnemnde stod på ambulansen sin parkeringsplass, skal taxisjåføren ha slått parkeringsvakta i hovudet, seier Karstein Tendenes, operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.

Politiet rykka ut, og den fornærma reiste sjølv ned på politihuset i Stavanger for å melda saka. Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.41.

– Politiet har endå ikkje fått tak i taxisjåføren, seier Tendenes.

– Skjer av og til

– Dette er sjølvsagt noko me set ekstremt liten pris på, seier Kjetil Bratseth, marknadsdirektør i Q-Park til NRK.

Han fortel at Q-Park gir betjentane oplæring i å unngå fysiske konfrontasjonar.

– Heldigvis skjer dette veldig sjeldan, seier Bratseth.

– Parkeringsvakta fekk ikkje noko stor skade, heldigvis, seier Bratseth.

Q-Park vil følgja opp saka internt, og ønskjer ikkje å kommentera meir før politiet har sett på saka.

Sjåføren har ein annan versjon

Svein Svimbil

HAR SNAKKA MED SJÅFØREN: Svein Svimbil, dagleg leiar i Stavanger taxi.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Taxisjåføren køyrer for Stavanger Taxi, og dagleg leiar Svein Svimbil fortel at sjåføren opplevde situasjonen annleis.

– Hans versjon er at det vart ein diskusjon om han hadde lov å stå på den plassen eller ikkje. Vår sjåfør meiner parkeringsvakta ikkje opptredde på ein god måte. Så vart det ein verbal krangel mellom dei, før sjåføren skubba parkeringsvakta. Han har sagt at han ikkje slo parkeringsvakta.

Sjåføren stod på plassen fordi ein pasient i rullestol skulle transporterast i bilen hans.

Svimbil veit ikkje om hendinga vil få interne konsekvensar for sjåføren eller ikkje.

– Om dette får konsekvensar for han som sjåfør er ikkje noko eg vil ta stilling til før eg har fått meir fakta om saka, seier Svimbil.

– Sjåføren har gått av skiftet sitt no. Eg skal snakka meir med han i morgon for å få ein skriftleg versjon av kva som skjedde, men det er positivt at han sjølv tok kontakt med oss.

Saka blir etterforska av Stavanger politistasjon.