Hopp til innhold

NHO: – Nå må me bruka vett!

Regiondirektøren i NHO i Rogaland meiner at lønene i oljeindustrien er for høge og leiaren i Norsk Industri krev lønskutt. Dei tilsette meiner det er leiarlønene som har skulda for at gjennomsnittsløna i Statoil er på over ein million kroner.

Regiondirektøren i NHO i Rogaland meiner at lønene i oljeindustrien er for høge og leiaren i Norsk Industri krev lønskutt. Dei tilsette meiner det er leiarlønene som har skulda for at gjennomsnittsløna i Statoil er på over ein million kroner.

VIDEO: Statoil sitt hovudkontor på Forus. I dette selskapet er gjennomsnittsløna over ein million kroner, skriv DN i dag

– Me har nok sett ein viss smitteeffekt når det gjeld lønningane frå oljeindustrien, og over i andre bransjar i Stavangerregionen, seier Hallvard Ween.

Hallvard Ween

Regiondirektør i NHO Rogaland, Hallvard Ween

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Han er regiondirektør i NHO i Rogaland. Den regionen i landet der lønsveksten i oljesektoren i størst grad har påverka andre område i arbeidslivet.

Dette har vore med på å pressa lønningane oppover i fleire andre sektorar, slik at driftsresultata har blitt reduserte.

– Me har i eit par år nå sett teikn til at me blir mindre konkurransedyktige på grunn av høge personalkostnader. Nå må me trø på bremsene slik at me får ein periode der me kan omstille oss og tenkje nytt for å vinne att konkurransekrafta, seier Ween.

Millionløn

Avisa Dagens Næringsliv fortel i dag at gjennomsnittet for lønningane i Statoil er på over ein million kroner. Det gjeld også for tilsette i Norge.

Statoil hevdar på si side at ein vesentleg grunn til dette er at selskapet har seld bensinstasjon-delen av selskapet, der mange hadde relativt låge løner. Derfor har snittet nå gått kraftig i vêret.

Gjeld ikkje oss

– Dette er heilt ukjent for meg. Det gjeld i alle fall verken meg eller mine kollegaer eller andre som er på vanleg nivå, som ikkje er sjefar eller jobbar offshore eller noko sånt, seier Inger Johanne Gausel, som jobbar med økonomi i Statoil.

Ho er kritisk til gjennomsnittsutrekningar og meiner at dei stadfestar det den som reknar, ønskjer å vise.

– Men er det ikkje mange som meiner det, at i Statoil der tener folk flest ein million i året?

– Ja, men dei trur så mangt. Det er veldig populært å tru mykje om Statoil. Det er ikkje alt som stemmer, seier Gausel.

Løna må ned!

Norsk Industri sin leiar, Stein Lier-Hansen, forlanger nå at lønene i oljeindustrien må ned. Spesielt er han skeptisk til dei som jobbar offshore.

Administrerende direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen

Administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Når du og eg er på jobb så har me ikkje fire veker fri etter å ha jobba to veker. Og me har i alle fall ikkje full løn og får betalt for dei timeverka me ikkje utfører, seier han.

Lier-Hansen presiserer at lønsnivået også må ned i andre bransjar enn oljeindustrien.

– Nå må me få ein lønsvekst framover som er på linje med våre konkurransepartnarar og det betyr at me må ha ein årleg lønsvekst på godt under tre prosent, seier han.

Legg skulda på direktørlønene

Hilde Marit Rysst er leiar for fagforeininga SAFE, med mange Statoil og offshoretilsette medlemmar. Ho meiner at høge direktørløner, drar opp gjennomsnittet i Statoil, og ho avviser at særleg mange av medlemmane i SAFE har løner i millionklassen.

– Lønene er, som me ser på våre tariffavtalar, på 600–700 000 kroner. Det er greitt fordi dei jobbar der ute på ei plattform med ukurant arbeidstid og alt det som er kjent. Men når ein kjem opp i summar over 700 000, då har ein jobba ekstra overtid og vore veldig lite heime. Det kostar nokre kroner, seier Rysst.