Hopp til innhold

– Lastelukene var ikkje tette

For tre år sidan gjekk lasteskipet «Finnøyglimt» ned utanfor Haugesund. Kapteinen døydde og blei aldri funnen. Nå har Statens Havarikommisjon for Transport (SHT) konkludert med kva som gjekk gale.

«Finnøyglimt»

Seint om kvelden 7. oktober 2011 gjekk lasteskipet «Finnøyglimt» ned på Sletta nord for Haugesund. Kapteinen døydde medan matrosen og maskinisten kom seg oppi ein livbåt, og fekk berga seg.

Foto: Tor Erlend Gjærde

Livbåt frå Finnøyglimt

Ein av livbåtane frå «Finnøyglimt».

Foto: Bjørn Erik Ovesen

Skipet var designa feil, mannskapet hadde for lite kunnskap om lasta og fleire av lastelukene var ikkje tette då sjøen slo over dekk.

Samla sett førte dette til at «Finnøyglimt», som var på veg frå Helle i Høgsfjord til Fitjar fredag 7. oktober 2011, søkkte nord for Haugesund seint om kvelden, ifølgje rapporten til SHT.

Sanden tok til seg vatn og flytta på seg

Då skipet var ferdig lasta med sand den skjebnesvangre kvelden stakk baugen djupare enn akterenden. Dette skjer ifølgje SHT på grunn av at lasterommet er plassert for langt framme, slik båten er designa.

Dette gjorde at mykje sjø slo over dekk, og på dekk var det fleire lasteluker som ikkje var tette, dermed kom det sjøvatn ned i lasta.

Undersøkingar SINTEF har gjort av sanden, syner at når det kjem nok vatn inn blir ned flytande og kan flytta på seg, sjølv om lasta er plana ut. Det er dette som skjedde i «Finnøyglimt».

Sanden flytta på seg og etter kvart som båten tok inn meir vatn blei slagsida større og større. Til slutt mista fartøyet oppdrifta og søkkte aust for Ramnsholmene.

Kapteinen blei aldri funnen

Kapteinen blei sist sett på brua utan redningsvest, men med overlevingsdrakt i handa. Søket etter han blei avslutta kvelden etter. Han har ikkje blitt funnen sidan.

To av mannskapet kom seg unna, med hjelp av ein livbåt.

SHT kjem med fleire tryggleikstilrådingar etter granskinga av ulukka. Mellom anna at NCC Roads AS i Helle blir kjent med eigenskapane til produkta som blir skipa frå anlegget deira, slik at ein kan ta nødvendige forholdsreglar.

ARKIV – 8. OKTOBER 2011:

Video Finnøyglimt forlis

ARKIV 8. OKTOBER 2011: Politiet om ulukka som hadde skjedd.

Flere nyheter fra Rogaland