Hopp til innhold

– Jonevret er ein sterk kandidat

I dag har Viking hatt si første trening utan Åge Hareide som manager. Same dag er Jonevret på plass i Stavanger for innleiande forhandlingar om trenarjobben.

Vikings trener Uwe Rösler hilser på Moldes trener Kjell Jonevret

Den svenske trenaren, Kjell Jonevret, er nå i Stavanger for å diskutera den ledige trenarjobben. På bilete tar den dåverande Molde-trenaren Owe Rösler, som den gong trente Viking, i handa.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Christian Rugland

Styreleiar i Viking FK, Christian Rugland, seier at klubben nå er i innleiande forhandlingar med Jonevret.

Foto: NRK

– Jonevret er ein sterk kandidat, men førebels har han ikkje fått eit konkret tilbod, seier styreleiar i Viking, Christian Rugland til NRK.no.

Til Stavanger frå EM

I dag landa svensken i Stavanger. Han kjem frå EM i Polen og Ukraina, der han er ein del av Sverige sin EM-delegasjon.

– Det er sjølvsagt smigrande at Viking ønskjer å snakka med meg. Viking og Stavanger har alltid stått meg kjært, så det er klart eg vil høyra kva dei har å sei, seier Jonevret til Stavanger Aftenblad på Stavanger lufthamn Sola.

Den tidlegare Viking spelaren var ikkje tilgjengeleg på Viking stadion. Men styreleiar i klubben la ikkje skjul på at Jonevret er ein ønska mann for jobben.

– Me går nå inn i innleiande forhandlingar, seier Rugland.

Første trening utan Hareide

Dette er også dagen Viking har si første trening utan Åge Hareide. Treninga blir leia av Gary Goodchilde.

Spanjolen «Pep», som var del av Hareide sitt trenar team er i Stavanger, men har ikkje delteke på Viking si trening i dag.

Første Viking-trening utan Hareide

Første Viking-trening utan Hareide.

Foto: Magnus Stokka / NRK