Hopp til innhold

– Innbyggarane kallar det ein katastrofe

Tysvær kommune, med Kårstø prosessanlegg, taper 80 millionar kroner i året på fjerninga av maskinskatten. – Me skal sørga for at det blir gitt tilnærma full kompensasjon, svarer Høgre.

Kårstø

Tysvær kommune kjem til å tapa store summar på tapte skatteinntekter frå Kårstø-anlegget. Det gjer ordføraren i kommunen svært uroa.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Eg har blitt kontakta av mange innbyggarar i kommunen. Dei brukar ordet katastrofe om det som har skjedd, seier Tysvær-ordførar Sigmund Lier (Ap).

Nå fryktar ordføraren at både skular, barnehagar og omsorgssenter står i fare for å bli nedlagde som følgje av kommunen sine tapte inntekter.

Han har også vore i kontakt med andre industrikommunar som er like uroa, og seier at dei råka kommunen nå vil ha eit møte med finansministeren om saka.

Det var i innspurten i behandlinga av statsbudsjettet at dei borgarlege partia onsdag blei einige om å fjerna den såkalla maskinskatten, eller eigedomsskatt på maskinar og anna tilbehøyr til verk og bruk (sjå faktaboks).

Store tap

348 kommunar her i landet har i dag maskinskatt, ifølge ein oversikt avisa Nationen har fått frå kommuneorganisasjonen KS. Ifølge avisa betyr utfasinga av denne skattetypen 800 millionar kroner i skattelette til industrien og tilsvarande tap til kommunane.

Tysvær kommune husar Statoil sitt prosessanlegg på Kårstø. Rogalandskommunen åleine reknar med å tapa 80 millionar kroner årleg. Ordføraren forstår derfor reaksjonane frå innbyggarane.

– 80 millionar minus betyr veldig mange lærarar, sjukepleiarar og senger i sjukeheimar. Me må tenka heilt annleis på korleis kommunen skal riggast.

Også i Sunndal kommune i Møre og Romsdal er reaksjonane sterke. Kommunen, med Hydro Aluminium Sunndal, reknar med å tapa 25 millionar kroner i året på skatteendringane.

– Positivt for næringslivet

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank forstår at det er krevjande for den enkelte kommune at skatteinntektene blir mindre.

Han minner likevel om årsakene til endringane, og seier konsekvensane av maskinskatten på sikt kunne blitt at bedrifter ikkje hadde kome til Norge eller at dei flyttar ut av landet.

– Blant anna kjem det fleire datasenter kor maskinskatten slår uheldig ut. Dersom det ikkje hadde blitt gjort endringar, kan ein risikera at aktørar vel andre land enn Norge.

Men i Tysvær kan dei lokale bedriftene venta seg næringsskatt frå 2019, slik at kommunen kan henta inn tapet frå Kårstø.

– Det har vore ein stor fordel at bedrifter i Tysvær ikkje har betalt næringsskatt. Julepresangen me har fått frå statsbudsjettet er at bedriftene nå må betala, seier ordførar Lier.

Kompensasjon

Ordføraren etterlyser også informasjon om kva typar kompensasjon dei råka kommunen får, slik dei er lova.

Ifølge sjeføkonom Knutsen bør målet vera å finna ei kompensasjonsordning som gjer at endringane ikkje slår veldig ut for enkeltkommunar.

– Dette er store inntekter for nokre kommunar. Då vil det vera rimeleg at det til ein viss grad blir kompensert.

Fleirtalspartia på Stortinget vil sørga for at det blir gitt tilnærma full kompensasjon til kommunar som får redusert eksisterande inntekter som følge av endringane.

– I løpet av dei sju åra skatten skal fasast ut på, vil me få på plass ei kompensasjonsordning. Den vil utgjer opp mot fem hundre millionar kroner, noko som betyr at kommunane blir tilnærma fullt ut kompensert, seier stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H).

Han meiner Tysvær-ordføraren ikkje har noko å frykta.

– Derimot så kan ordføraren gleda seg over at det blir meir attraktivt å etablera nye arbeidsplassar i kommunen når maskinskatten blir fjerna, meiner Astrup.