NRK Meny
Normal

Dette kan bli «Vestlandets lågprisflyplass»

Vegprosjektet Rogfast vil føra flyplassen på Karmøy og flyplassen på Sola nærmare kvarandre. Om Karmøy skal overleva konkurransen, meiner fylkesvaraordførar, Terje Halleland frå Frp, at flyplassen bør satsa på billige avgangar.

Haugesund Lufthavn Karmøy

Haugesund lufthavn Karmøy er i dag det naturlege flyplassvalet for Rogalendingane nord for Boknafjorden, med den nye tunnelen Rogfast kan dette endra seg.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Dersom verdas lengste undersjøiske vegtunnel, som er under planlegging i Rogaland, blir bygd, vil mykje bli endra. Ein stor skilnad vil vera at fylket sine to flyplassar plutseleg berre ligg om lag ein time køyring frå kvarandre.

Dermed ligg alt til rette for at dei som skal reisa langt, som kjem frå nord for Boknafjorden, kan ta bil eller buss til Stavanger lufthavn Sola, som har langt større tilbod enn Haugesund lufthavn, Karmøy.

– Bruken vil avgjera framtida

Men fylkesvaraordførar, Terje Halleland, trur ikkje dette treng vera kroken på døra for flyplassen i nord av den grunn, sjølv om han ikkje ser vekk frå at den må klara seg utanfor Avinor.

– Som alle veit er det bruken av flyplassen som vil avgjera framtida, Rogfast og tilbodet på Stavanger lufthavn Sola vil heile tida vera ein trugsel mot bruken av flyplassen på Karmøy, seier han.

Og han har ei klar meining om korleis dei bør gå fram for å overleva.

– Eg trur nok den vil bli basert rundt lågprisflygingar. Den har gjort det veldig bra til nå, og har alle føresetnader til å bli Vestlandet sin lågprisflyplass.

Dermed kan Haugesund lufthavn Karmøy bli eit Vestlandets svar på Rygge og Torp på Austlandet, og opna for internasjonale lågprisselskap til utlandet.