NRK Meny
Normal

Rogfast kan bli forsinka

Statens vegvesen kjem til å starte ein ny reguleringsprosess for Rogfast-prosjektet på E39. Tunnelen blir 400 millionar kroner dyrare.

Rogfast, Arsvågen

No blir det fem prosents stigning opp til Arsvågen, og ikkje sju som tidlegare planlagt.

Foto: Statens Vegvesen / NRK

– Statens vegvesen har bestemt at Rogfast skal byggast med maks 5 prosent stigning opp til Arsvågen i staden for 7 prosent som tidlegare planlagt, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Statens vegvesen skjerpar kravet til stigning i Rogfast, og startar no ein ny reguleringsprosess i samarbeid med Bokn kommune.

400 millionar dyrare

– Det betyr at planane for Rogfast må omarbeidast i Bokn, men vi kjem til å jobbe for å nå målet om opning av Rogfast i 2023, seier Eidsnes.

Når tunnelarmen til Kvitsøy skal ha maks 5 prosent stigning, og ikkje 7 betyr det at tunnelen blir vel ein kilometer lengre. Prisen blir om lag 400 millionar kroner høgare med denne løysinga.

– Ei sikrare løysing

– Ei redusert stigning fører til 20 prosent færre brannar eller tilløp til brannar i tunge køyretøy i tunnelen. Den samla ulykkes- og dødsrisikoen er berekna å bli redusert med rundt 5 prosent, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Slakkare stigning gjer verdas lengste undersjøiske vegtunnel endå tryggare.

Rogfast skal koste 12 milliardar kroner og er første etappe på ein ferjefri stamveg langs kysten mellom Stavanger og Trondheim.

Rogfast skal gå frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune. Tunnelen blir bygd med to løp og til saman fire felt. I tillegg blir det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy.