Hopp til innhold

– For varmt å føda ungar i juni

«Kjærlighetsuka» i Sokndal i september skal oppmuntra innbyggarane til å laga fleire ungar. Fødselstala for juni dei siste åra vitnar derimot om lite sengekos.

Greta Vestbøstad

Sjubarnsmor Greta Vestbøstad har sin teori om kvifor «Kjælighetsuka» i Sokndal i september gir så dårlege utslag i fødselsstatistikken. – For varmt å føda i juni, seier ho.

Foto: Øystein Ellingsen

«Kjærlighetsuka» er blitt ein tradisjon i Sokndal. I desse dagar feirar arrangementet 10-årsjubileum.

Poenget er å setja kjærleiken i sentrum og gjerne få sokndølane til å setja fleire barn til vera.

Nils Jakobsen og Olav Lundø

Nils Jakobsen og Olav Lundø, arrangørar av «Kjærlighetsuka».

Foto: Øystein Ellingsen

«Kjærlighetsuka» går av stabelen i september og då skulle ein gjerne tru ein såg resultat ni månader seinare, i juni.

Men statistikken er heller dyster lesnad for dei som håpar på fleire innbyggarar i Dalane-kommunen.

Svak fødselsstatistikk i juni

Fødselstala for juni dei tre siste åra er dei dårlegaste i Sokndals historie. I juni i 2010 blei det født berre eitt barn, i juni i år kom ingen nye sokndølar til verda.

– Me prøver å oppmuntra folk til å produsera meir, men me kan ikkje leia folk opp i sengene heller, seier Olav Lundø, primus motor og mannen som starta «Kjærlighetsuka»

– Flinke til å bruka prevensjon

Raude hjarta

Slike rauda hjarta heng overalt i Sokndal under «Kjærlighetsuka».

Foto: Øystein Ellingsen

Sokndal kommune kan i alle fall ikkje kritiserast for å ikkje satsa på kjærleiken. Kommunen har nå tilsett eigen sexolog.

Han tar mangelen på fødslar som eit teikn på at sokndølane er flinke til å bruka prevensjon.

– Det går jo fint an å ha sex utan at det blir barn av det. Og det vil eg som sexolog oppmuntra til, seier sexolog Tom Nybo.

– For varmt å føda i juni

Sjubarnsmor Greta Vestbøstad har sin teori om kvifor «Kjærlighetsuka» gir svake utslag i fødselsstatistikken.

– Det er for varmt å føda ungar i juni. Eg har prøvd det sjølv og det var heilt forferdeleg, ler ho.