Hopp til innhold

Oljeprisen fell til nytt botnnivå

Ved 13-tida fredag vart eit fat nordsjøolje omsett for berre 39 dollar, det lågaste nivået sidan 2008. Men oljeanalytikar Thina Saltvedt trur den kan bli endå lågare.

Nordsjøen

Noregs pengebinge blir stadig mindre verdt. Ekofisk-plattforma var Noregs største oljefelt til havs og har vore i produksjon sidan 1971.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Oljeprisen har falle kraftig sidan førre fredag, då OPEC heldt strategimøte og vedtok å halde på produksjonstaket på 30 millionar fat olje per dag neste år.

Det siste prisfallet kjem etter at OPEC torsdag publiserte produksjonstal som viste at produksjonen i november steig til eit toppnivå for dei seinaste tre åra. Auka volum frå Irak meir enn vog opp for ein reduksjon frå Saudi-Arabia, skriv Dagens Næringsliv.

– OPEC har mista grepet

Thina Saltvedt

Thina Saltvedt, oljeanalytikar i Nordea Markets.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Produksjonen på 31.695 millionar fat per dag er om lag 900.000 fat per dag høgare enn det OPEC anslår vil vere etterspørselen i 2016. Det blir spekulert i at OPEC gjennom sitt vedtak førre fredag i praksis har oppheva produksjonsmåla, og at tilbodsoverskotet i oljemarknaden vil vare ved, skriv Bloomberg News.

– Eg trur at OPEC har mista grepet, seier oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets til NRK.no

Medlemslanda blir ikkje samde, og uvissa knytt til Iran sin produksjon er stor, det gjer at OPEC er i ferd med å miste si evne te å påverka oljeprisen, meiner Saltvedt.

Når dei har så store interne problem, vil dei produsere det remmer og tøy kan tole.

Thina Saltvedt, oljeanalytiker i Nordea Markets

Ho har derfor inga tru på ein prisoppgang i nær framtid.

– Når dei har så store interne problem, vil dei produsere det remmer og tøy kan tole, seier oljeanalytikaren.

Råvareanalytikar Will Yun i Hyundai Futures i Seoul, seier følgande til Bloomberg News.

– Opecs produksjon i november tyder på at det globale tilbodsoverskotet veks. Olja vil kunne falle vidare mot 30 dollar per fat, seier han.

Lågare enn 36 dollar

I 2008 var oljeprisen nede i 36,6 dollar på julaftan. Då kutta OPEC produksjonen, men det gjer dei ikkje i år.

Sidan OPEC ikkje reddar marknaden denne gongen, er det svært sannsynleg at vi igjen vil sjå botnnivået frå 2008, skriv Yun.

Saltvedt fryktar at prisen kan ende endå lågare, ikkje minst fordi at den amerikanske sentralbanken er venta å setje opp renta i neste veke.

– Oljeprisen kan falle lengre ned enn 36 dollar, seier oljeanalytikaren.

Framleis bråbrems

Dagen botnnotering for oljeprisen får store konsekvensar for norsk oljeindustri.

– Prisane er så låge at oljeselskapa vil fortsette å bremse i 2016, seier Saltvedt.

Swedbank estimerer at Statoil, som står for om lag halvparten av investeringane på norsk sokkel, vil kutta i investeringane frå 16 milliardar i år te 14 milliardar neste år.

Ifølge Saltvedt har norsk oljeindustri innsett at dei ikkje kan belaga seg på høg oljepris.

– Me må uansett få ned kostnadene sånn at me klarar å konkurrera med land som Brasil, Mexico og Russland.