– Ekskjærasten har kjend seg mistenkt i 15 år

Dersom politiet har teke mannen som drap Tina Jørgensen vil det bety svært mykje for den tidlegare sikta ekskjærasten hennar.

Atle Helljesen

Atle Helljesen er advokaten til Tina Jørgensen sin ekskjærast. Han blei sikta etter drapet, men saka mot han blei lagt vekk.

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

– Han har i mange sine auge vore mistenkt heile vegen, seier advokat Atle Helljesen, som representerer den tidlegare kjærasten til Tina Jørgensen.

Han opplevde å bli sikta for drapet på kjærasten sin i år 2000, ei sikting som blei lagt vekk av riksadvokaten vesle julaftan 2002.

Helljesen seier at det vil bety mykje for den tidlegare kjærasten, dersom drapsmannen nå er teken.

– Han er kjent med det politiet har gått ut med, men førebels veit han for lite til å hoppa i stolen, seier han.

– Korleis vil han reagera dersom det er drapsmannen dei har teke?

– Han vil nok få ein veldig menneskeleg reaksjon. Sjølv om saka mot han blei lagt vekk, har han hatt 15 vanskelege år. Så viss dette er noko som det er hald i, og som ikkje gjeld han i det heile teke, vil han få ein sterk reaksjon trur eg, seier Helljesen.