Hopp til innhold

– Eg var livredd då me skulle landa

Line Grønmo Ellingsen var om bord i Norwegian-flyet som punkterte under avgang. Ho gir ros til mannskapet, men fortel at ho var redd under heile turen.

Foretok en kontrollert nødlanding på Stavanger lufthavn Sola

Her lander flyet på Stavanger lufthamn Sola, etter over tre timar i lufta.

– Me merka eit utruleg smell. Og det byrja å rista kraftig då me tok av.

Line Grønmo Ellingsen skildrar augeblikket då det eine hjulet på passasjerflyet ho sat i, punkterte under avgang.

– Det var mange rare lydar, og eg tenkte at dette var unormalt. Eg såg at mange andre også reagerte på det.

Redd i fleire timar

Line Grønmo Ellingsen

Line Grønmo Ellingsen var om bord på flyet. Ho skildrar opplevinga som tøff.

Foto: Privat

Flyet skulle eigentleg til Las Palmas, men pilotane i Norwegian-flyet bestemte seg for å returnera til Stavanger lufthamn Sola.

Men fordi det var mykje drivstoff om bord, måtte dei sirkla i lufta i over tre timar, før dei kunne landa.

– Det var ei tøff oppleving, fordi eg har litt flyskrekk. Eg var redd heile vegen, seier Grønmo Ellingsen.

Ho gir likevel ros til mannskapet som var om bord.

– Dei var så flinke til å fortelje oss om kva som gjekk føre seg. Dei sa om igjen og om igjen at dette skulle gå fint, og at dette hadde dei kontroll på.

Ei trygg landing

På flyplassen auka dei beredskapen. Både brannmannskap, politi og ambulansar var på plass ved rullebana.

Sjølv om pilotane var trygge på at det skulle gå bra, var Grønmo Ellingsen nervøs.

– Det var skummelt. Eg kjente at eg var livredd då me skulle landa.

Men 16:50, tre og ein halv time etter avgang, landa flyet trygt på bakken.

– Det var fantastisk. Eg er så takknemleg.

Vil opp i eit fly igjen

No sitt ho ved ein gate på flyplassen, og ventar på eit nytt fly, som kan ta henne med til Las Palmas.

For sjølv om det var ei ubehageleg oppleving, er ho ikkje avskrekka.

– Eg må opp i eit fly igjen så fort som mogleg, for viss ikkje så trur eg berre flyskrekken tar meg. Eg må berre stole på at det går fint no, seier ho.

Allereie i kveld får passasjerane ein ny moglegheit til å reisa til Las Palmas.