Hopp til innhold

Norwegian-flyet landa trygt på bakken

Eit Norwegian-fly punkterte under avgang frå Stavanger lufthamn Sola. Etter å ha sirkla i lufta i over tre timar, landa det trygt på Sola.

Flightradar

Flyet har flydd i ring over Jæren i over tre timar. Planen er at det skal landa på Stavanger lufthamn Sola.

Foto: Skermdump/Flightradar24.com

– Eg kan bekrefta at det eine hjulet på flyet punkterte under avgang. Det er eitt av dei fire hovudhjula bak på flyet, seier pressekontakt i Norwegian, Astrid Mannion-Gibson.

Det var Aftenbladet som først omtalte saka.

Norwegian-flyet hadde avgang frå Stavanger Lufthamn Sola klokka 13:16 i dag. Det skulle vidare til Las Palmas, men i staden sirkla det over Jæren i over tre timar.

– Grunnen til det er at flyet hadde veldig mykje drivstoff, og difor var for tungt til å lande, men eg trur det kan landa ganske snart, seier Mannion-Gibson.

Hovudredningssentralen meldte kl. 16:30 at flyet skulle landa på Stavanger lufthamn klokka 16:45. Klokka 16:50 landa det trygt på bakken.

Foretok en kontrollert nødlanding på Stavanger lufthavn Sola

Auka beredskap på flyplassen

På flyplassen hadde dei heva beredskapen.

Leif Anker Lorentzen

Leif Anker Lorentzen er lufthamnsjef ved Stavanger lufthamn Sola.

Foto: Antonesen / Marte

– Me har følgt dei vanlege rutinane ved slike hendingar. Me har både henta inn interne og eksterne krefter. Både brann, politi og helsepersonell er på staden, seier lufthamnsjef ved Stavanger lufthamn Sola, Leif Anker Lorentzen.

Likevel trudde verken han eller Norwegian at det ville bli noko dramatikk.

– Dette har me heilt under kontroll, og det kjem til å vera ei heilt vanleg landing, men med auka beredskap, sa pressekontakten før landinga.

Litt over klokka 16 meldte NRK sin reporter på staden at flyet hadde flydd lågt over rullebana, slik at bakkemannskap kunne sjå korleis hjulet såg ut.

Eit Norwegian--fly punkterte under avgang på Stavanger lufthamn Sola. Her flyr det over rullebana slik

Forstår om passasjerane er uroa

Mannion-Gibson veit så langt ikkje noko om korleis passasjerane har det om bord.

– Passasjerane blir informert av pilotane om kva som skjer, og dei vil også få meir informasjon når flyet har landa. Men me forstår sjølvsagt om passasjerane syns dette har vore ei veldig ubehageleg oppleving. Det er aldri kjekt når ting ikkje går etter planen.