Hopp til innhold

– Det går på sjukepleiarane laus

Samhandlingsreformen har auka presset på sjukepleiarane i Eigersund kommune, som allereie slit med for få sjukeheimsplassar. – Det slit på ryggar, armar og det psykiske, seier sjukepleiar på Lagård bu- og servicesenter, Gry Haug.

Margrethe Askvik Håland

Senterleiar på Lagård bu- og servicesenter i Eigersund, Margrethe Askvik Håland, seier det er alt for få sjukeheimsplassar i kommunen. Fleire pasientar frå sjukehuset aukar dette problemet, seier ho.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Gry Haug

Gry Haug er sjukepleiar på Lagård bu- og servicesenter.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Førebels håper me at pasientane ikkje merkar noko, men det går på dei tilsette laus, seier senterleiar på Lagård bu- og servicesenter i Eigersund.

Her har dei allereie for få sjukeheimsplassar. Og med auka pågang i samanheng med samhandlingsreforma, veks problemet seg større og større.

– Situasjonen kan bli kritisk

– Nå må me ta imot fleire pasientar frå sjukehuset, og me må ta imot pasientar som er sjukare enn tidlegare. Det er klart at dette gjer eit meir krevjande arbeid for sjukepleiarane. Dei får ein langt meir belastande kvardag, seier Askvik Håland.

Reforma, som blei innført 1. januar i år, seier at kommunane har ansvaret for utskrivingsklare sjukehuspasientar frå første dag. Dette har skapt problem i fleire kommunar.

Eigersund er ikkje eit unntak. Her manglar dei frå før 36 sjukeheimsplassar.

– Dette handsamar me med korttidsplassar, og heimesjukepleien gjer ein fantastisk innsats. Då klarer me halda skuta noko lunde flytande, seier Askvik Håland.

Bjarne Rosenblad

Bjarne Rosenblad.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kommuneoverlege Bjarne Rosenblad seier at slik kan det ikkje halda fram.

– Det er ikkje katastrofalt på nåverande tidspunkt, men om det ikkje skjer noko, vil me oppleva ein kritisk situasjon med brot på rettane til pasientane om nokre år, seier Rosenblad.

– Mykje tungt å forhalda seg til

Gry Haug er sjukepleiar på Lagård bu- og servicesenter. Ho stadfestar det leiarane hennar seier om arbeidspresset.

– Det slit på ryggar, armar og det psykiske. Det er mykje tungt ein skal forhalda seg til, så me blir jo slitne innimellom, seier ho.

I intervjuet med NRK blir ho fleire gonger avbroten av telefonen som ringer. Denne må ho ta, for når fastlegane er vekke har ho i tillegg ansvaret for legevakttelefonen.

Trass den hektiske kvardagen hennar, meiner ho det mest alvorlege er at sjukeheimen hennar har for få plassar, og at dei i tillegg har ei venteliste på ti personar.

– Når ein dør, går det ikkje lenge før det kjem ein ny

– Det er gale at me ikkje kan tilby alle ein sjukeheimsplass når det er behov. Når ein person dør, går det ikkje lenge før me har fått inn ein ny, seier ho.

Rådmann i Eigersund, Kjetil Helgevold, seier dei per i dag ikkje har pengane som trengst. Målet hans er likevel å bygga 36 nye sjukeheimsplassar, og samtidig ha pengar til drifta.

– Me har ein anstrengt økonomi, men dette er ting me må få på plass. Me må snu alle steinar. Det er ei utfordring, men me har ein plan, seier Helgevold.