Hopp til innhold

– Statsrådbytene viser at ei raudgrøn regjering er dårleg for Vestlandet

Stortingspolitikar Arve Kambe (H) meiner statsrådbytene berre stadfestar at ei raudgrøn regjering er dårleg for Vestlandet.

Tora og Arve

Tora Aasland går etter alt og dømma av som statsråd fredag.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Mens nokre jublar over statsrådskiftene, er andre meir skeptiske.

Audun Lysbakken har alt gått av som statsråd. Han representerte Hordaland.

Fredag er Erik Solheim og Tora Aasland etter alt og dømma også ferdige som statsrådar. Forskingsminister Aasland representerte Rogaland.

Les òg: – Et modig og nødvendig SV-grep

Representerer Austlandet

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Inn kjem Heikki Holmås, Bård Vegar Solhjell og Inga Marte Thorkildsen. Desse representerer Oslo, Akershus og Vestfold (Holmås representerer Oslo sjølv om han kjem frå Bergen og Solhjell frå Naustdal representerer Akershus).

– Dette er nok eit ekstempel på at ei raudgrøn regjering ikkje er bra for Vestlandet. Nå forsvinn to vestlandspolitikarar ut av regjeringa og dei blir ikkje erstatta av nye frå landsdelen, seier Kambe.

Får støtte frå Frp

Han får støtte frå stortingskollega Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Eirik Faret Sakariassen

Eirik Faret Sakariassen (SV).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det har noko å seia når færre i regjeringa har personlege erfaringar med korleis det er å bu og jobba på Vestlandet, seier han.

Då han sat i energi- og miljøkomiteen opplevde han å reisa på besøk til Rogaland med komitemedlemmer som ikkje hadde vore i fylket før.

– Derfor er det så viktig at me har folk frå heile landet både i Stortinget og i regjeringa, seier han.

Får støtte frå SV

Også bystyrerepresentant i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, skulle sett av Tora Aasland fortsette som forskings- og høgare utdanningsminister.

– Personleg synst eg det er mest synd at Tora sluttar som statsråd. Ho har gjort veldig mykje bra for Stavanger, seier han.