Hopp til innhold

– Amatørmessig påstand

Trond Birkedal kjem med sterk kritikk av påtalen aktor i Gulating lagmannsrett, Tormod Haugnes, la fram i dag.

Trond Birkedal kjem med sterk kritikk av påtalen aktor i Gulating lagmannsrett, Tormod Haugnes, la fram i dag.

Trond Birkedal er ikkje nøgd med påtalesida sitt arbeid i straffesaka mot han. Foto: Anders Fehn.

Aktor Tormod Haugnes la i dag ned påstand om ni månader fengsel til Trond Birkedal, for seksuelt overgrep mot barn under 16 år. Dette er den same påstanden som kom i tingretten i februar.

– Prestisjemotiv

Det var ein lite nøgd Trond Birkedal NRK.no snakka med etter rettssaka.

– Eg er overraska over at Haugnes held fast på den amatørmessige påstanden som kom i tingretten, seier Birkedal.

Han meiner at det ikkje finst grunnlag for straffa i tidlegare dommar.

– Viss eg skulle bli dømt, noko eg reknar med eg ikkje blir, så er det ingen dommar som er i nærleiken av ni månader. Eg kan ikkje forstå at det er eit anna motiv bak dette enn det prestisjemotivet som har vore der sidan dag ein.

Han meiner at påtalestyresmaktene har lagt så mykje arbeid ned i denne saka at det nå går prestisje i ho.

Harde dagar

Birkedal fortel at det har vore harde dagar i ankesaka. Der det har handla om eit påstått seksuelt overgrep, som han nektar for.

I tingretten sat han også tiltalt for fleire andre mindre alvorlege tilfelle, mellom anna snikfilming av nakne gutar, noko han har tilstått og blitt dømd for.

– Då sat eg i retten for ting eg faktisk hadde gjort. Det kjendest meir riktig. Denne gongen sit eg i lagmannsretten for ting eg ikkje har gjort, og den kjensla er mykje, mykje, verre, fortel Birkedal.

Flere nyheter fra Rogaland