Hopp til innhold

7. klassing fekk toppkarakter på 10. klasse-eksamen

På Iglemyr skole i Sandnes har dei eit heilt spesielt talent. Sjuandeklassingen Kristian Feed fekk nettopp karakteren 6 – i matematikk for 10. klasse. Likevel er det fotballproff han helst vil bli.

Kristian Feed

MATTETALENT: – Eg veit ikkje kvifor eg klarer matematikken såpass greitt, men foreldra mine seier at eg alltid har hatt lett for å forstå ting, seier Kristian Feed

Foto: Erig Sergio Auklend / NRK

– Det var sjølvsagt veldig moro, og det var jo det eg hadde håpa på. Eg trur ikkje sjansen for å få 6 hadde vore så mykje større om eg hadde venta til eg går i 10. klasse. Det er jo alltid fare for slurvefeil og slikt, seier Kristian Feed.

Skuleåret går mot slutten, og sjuandeklassingen skal snart til på ungdomsskulen, det same som alle andre sjuandeklassingar. Men medan dei andre skal bryna seg på 8. klassepensum i matematikk, har Kristian alt sikra seg toppkarakteren i faget – for 10. klasse.

– På terminprøvar og slikt har eg også fått 6. Og 5+ ein gong, då vart eg litt sur.

Ungt talent

Skulen har kjent til Kristian sitt talent i matematikk sidan før han begynte i 1. klasse, fortel rektor ved Iglemyr skole, Siri Bøe Jakobsen.

– Det begynte allereie før han starta på skulen. Då hadde dei vore på førskulekontroll hjå helsesyster her på skulen, og ho la merke til han alt då og melde frå til oss. Me hadde eit møte med foreldra før han begynte i 1. klasse. Me visste ikkje heilt kva som venta oss, men det var veldig greitt å vita om han i forkant, seier rektor.

Utanfor dei vanlege mattetimane blir Kristian følgt opp av Hege Jonassen.

– Det er veldig kjekt å jobba med han. Me grublar mykje saman og han får jobba med oppgåver. Det er veldig motiverande for meg også å sjå korleis han løyser oppgåvene, seier ho.

Kristian Feed

GOD I MATTE: ... men det er fotball Kristian vil bli best i.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Vil til Barcelona

Sjølv om han er ein klyppar i matte, er det andre ting Kristian heller vil bli best i.

– Draumen er å bli fotballproff. Men det er mykje som ser kjekt ut. Pappa er jo rekneskapsførar og utdanna siviløkonom, så det ser kjekt ut å jobba med tal og slikt. Men det er fotball som er førsteprioritet, seier han.

– Barcelona er draumen. Må kanskje innom nokre andre lag på vegen, men det er der eg vil enda opp til slutt.