Hopp til innhold

Vil gi gratis hjelp til dei som strevar med mobil og data

600.000 nordmenn har svake kunnskapar om bruk av datamaskin eller mobiltelefon. Nå skal dei få hjelp – på internett.

Nortrud Stein (tv) og Beate Ravndal bestiller billett via PC

UVANT: Nortrud Stein og Beate Ravndal konsentrerer seg om å bestille båtbillettar på PC-en. Denne maskina har ikkje mus, noko som er uvant. Nå vil unge gründerar hjelpe dei som slit med alle dei digitale krava i kvardagen.

Foto: Erik Waage / NRK

Beate Ravndal og Nortrud Stein har fått ei oppgåve. Dei skal bestille hurtigbåtbillettar, på internett.

Beate har i periodar gått på eit datakurs for eldre. Problemet er at ho gløymer lett det ho har lært.

Nortrud kan bestille flybillettar og brukar nettbanken utan store vanskar, men også ho er usikker når ho set seg ned med ein ukjent PC.

– Vanlegvis brukar eg mus, men det er det ikkje på denne maskina, slår ho fast.

Beate og Nortrud er ekspertar i dag. Dei skal fortelje om kva dei tykkjer er vanskeleg å få til på internett.

Tilbyr hjelp til ikkje-digitale

Dei er på jobb for gründerselskapet Kakadu i Stavanger, som vil hjelpe folk som står fast i den digitale kvardagen.

Å finne fram på nettsidene til for eksempel Nav, den lokale banken eller biblioteket er ikkje like enkelt for alle.

Tenesta til Kakadu skal gi hjelp blant anna til å logga inn og finne tilbake til det rette passordet.

– Det er behov for ei slik teneste, når det er over ein halv million nordmenn som slit med å fungera digitalt, seier Ingvild Erøy, som er ei av to eigarar av bedrifta.

Dei to har fått nærare 3 millionar kroner frå Helsedirektoratet for å utvikle hjelpesida Kakadu.no.

Hege Fiskå og Ingvild Erøy, gründere av Kakadu

Hege Fiskå (TV.) og Ingvild Erøy vil hjelpe dei ikkje-digitale.

Foto: Erik Waage / NRK

– Flest eldre og lågt utdanna

3 prosent i Noreg brukar verken datamaskin eller mobiltelefon. Det er om lag 130.000 personar.

Ytterlegare 11 prosent har svake ferdigheiter i bruk av digitalt utstyr. Det betyr at gruppa ikkje-digitale utgjer om lag 600.000 menneske.

Det viser ei undersøking (ekstern lenkje) frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– Det er flest eldre, lågt utdanna og dei som står utanfor arbeidslivet i denne gruppa, seier Camilla Ulven Søgård, seniorrådgjevar i HK-dir.

Camilla Ulven Søgård, seniorrådgiver Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Camilla Ulven Søgård har sett på utviklinga i nordmenn sin digitale kunnskap dei siste åra.

Foto: Direktoratet for høyrere utdanning og kompetanse

Men det finst også eksempel på yngre, sysselsette og høgt utdanna i gruppa.

– Gruppa har blitt mindre dei siste 14 åra, men kravet til digital kunnskap stig heile tida. Derfor er det nødvendig med ny opplæring for at den positive trenden skal fortsetje, seier Søgård.

Ho fortel at det finnast fleire tiltak for å hindre at folk blir digitalt utestengd. Mange kommunar gir digital hjelp til innbyggarane sine, kalla Digihjelpen.

I tillegg finnast tilskotsordninga Kompetansepluss, for opplæring i grunnleggande IT-ferdigheiter.

Saknar hjelp frå menneske

Dei to gründerane i Kakadu er sikre på at ei digital hjelpeteneste for nettbruk, den må vera på internett.

Beate Ravndal er litt i tvil om akkurat det.

– Nå hadde det vore fint å ha ein person å ringe til, sukkar ho.

Nortrud Stein og ho har funne fram den rette internettlesaren og selskapet som trafikkerer båtruta.

Nortrud Stein og Beate Ravndal bestiller båtbillettar via PC

Beate Ravndal og Nortrud Stein får til mykje på PC-en. Men det er også mykje som tar lang tid å ordne.

Foto: Erik Waage / NRK

Men reisa skal vera i morgon, og det er ei utfordring. I tillegg slit dei med ei annonse for ei ferjereise til Hirtshals i Danmark, som har dukka opp på skjermen.

Etter at Beate og Nortrud og 21 andre brukarar har sagt sitt denne dagen, skal arbeidet med å utvikle nett-tenesta fortsetje i eitt års tid.

Etter testing og mange endringar skal ein førsteversjon lanserast neste haust.

– Men ein ting kan me lova. For privatpersonar skal den vera gratis å bruke, slår Hege Fiskå i Kakadu fast.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg