Geir Skeie frå Fitjar i Hordaland vart kåra til årets kokk 2007. Han går nå vidare til uoffisielt VM i kokkekunst i Bocuse d´Or-konkurransen i Lyon i Frankrike.
Råvarene det blei konkurrert i var ishavsrøye. I tillegg presenterte deltakarane svin frå Jæren.
Vinnaren blei kåra med minste margin, seier hoveddommar Bent Stiansen.
Tango på 3.plass
Kjartan Skjelde, kjøkkensjef på Tango bar og restaurant i Stavanger, kom på ein heiderleg 3. plass.
- Eg er godt nøgd. Det var ein god arbeidsdag og plasseringa er grei nok, seier Skjelde.
Han har stått på skikkeleg spesielt den siste månaden for å førebu seg til konkurransen.
Etter konkurrasen i Tennishallen i Stavanger torsdag kveld, var han utslitt, men glad.
- Nå skal eg feira med kjæresten. Drikka sjampanje og kosa meg, var hans avslutningsord.
Jevnt nivå.
- Med berre små justeringar, så kunne ein annan kandidat vunne. Så close race var det, seier hoveddommar Bent Stiansen.
Og nivået var høgt.
- Tre av dei seks deltakarane i finalen kunne vore på pallen i Bocuse d´Or, seier Stiansen.