Det er grytidleg morgon 23. august 1991. Klubbleiar i Arbeidsmannsklubben i Norwegian Contractors (NC), Ole Jarl Madland, er på veg til jobb i Hinnavågen. På radioen får han melding om at Sleipner A-plattforma har sokke i Gandsfjorden under testing.
– Hadde det gått med liv? Det var det første me tenkte på då me kom på jobb. Heldigvis gjorde det ikkje det, minnest Madland.
Ingen liv gjekk tapt
22 menneske var om bord på plattforma då betongen sokk med så stor kraft at det gav utslag på Richters skala. Til alt hell kom alle seg om bord på lekterar og båtar slik at dei berga liva sine.
– Det gjekk veldig fort for dei, men heldigvis gjekk det godt. Det var eit sjokk, og det har prega folk i ettertid. Eg trur ikkje det gjekk opp for dei før etter at dei fekk summa seg på land kva dei hadde vore med på, fortel den tidlegare klubbleiaren i NC.
I Hinnavågen jobba det på det meste 3000 mann med å bygga betongplattformer og Sleipner A var ein av desse. Kaos, rykte og spekulasjonar prega tida etter ulukke, ifølge Madland.
– Folk var uroa for plattforma si framtid og var redde for oppseiingar. Det som hadde vore stødig som fjell, var plutseleg ikkje stødig som fjell lenger.
Undervurderte kreftene
Jan Moksnes overtok som toppsjef i NC etter ulukka. Han forklarer det som gjekk gale under testen av det ein million tonn tunge understellet:
– Det skjedde ein feil og det var ille. Det var ei undervurdering av kreftene i ein svær kompleks analyse. Når kreftene blei undervurdert, blei også armeringsmengdene og dimensjonen annleis, og så haldt det ikkje.
– Det utrulege var at alle berga liva sine. Det set hendinga i eit anna lys, men for bedrifta var dette eit alvorleg skot for baugen.
Den tidlegare NC-sjefen seier at dette også viser risikoen ved å jobba i oljebransjen.
– All denne type pionerverksemd er risikofylt. Viss ikkje er det så trygt at det kan vera ulønnsamt. Ein må ønska å strekka seg litt for å komma inn i slike prosjekt.
Når ulukka skjedde hadde NC bygd 12–13 plattformer vellukka. Ulukkesplasttforma var ein tilsynelatande enkel plattform å bygga, ifølge Moksnes.
– Det var ikkje tidspress, men ein rekne- og analysefeil.
«Sleipner på beina igjen»
Etter nokre veker kom meldinga frå oppdragsgivar Statoil at NC kunne starta jobben med å bygga nye Sleipner. Arbeidarane i Hinnavågen fekk delt ut kvite tennissokkar med teksten: «Sleipner på beina igjen».
– Me gjekk heilkontinuerlege skift i periodar for å få dette til, normalt var det to skift. Eg trur me var oppe i 1800 mann utanom funksjonærane, fortel klubbleiar Madland.
Han seier at dei alltid tok tryggleiken på alvor, men at den blei endå viktigare i ettertid. Lærdomen blei også at dette var starten på slutten for plattformverksemda i Hinnavågen.
– Plattform-epoken på Hinna fekk nok eit skot for baugen den aldri heilt klarte å komma seg over, meiner Jan Moksnes.