Det var klokka 18.45 søndag kveld politiet fekk melding om israset like ved Gåshellertunnelen, ikkje langt frå Tonstad.
Meldingane gjekk på at raset var på om lag 20 meter.
– Bilen som først kom til raset klarte å svinga unna, slik at ingen bilar eller personar blei tatt i raset, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Jøran Solheim, til NRK.
Han opplyser at dei som var ved raset først stengde vegen fordi dei meinte det var farleg å køyra forbi.
– Det hang også vegarmering og netting med isblokker ned over vegen, opplyser Solheim.
Det gjekk også småras då politiet kom til staden, men i samråd med entreprenøren vurderte dei det som trygt å opna vegen igjen. Klokka 19.45 opna vegen for trafikk.
– Vegen er rydda og opna igjen, opplyser Solheim.