Hopp til innhold

Ytterlegare fire evakuerte etter båtbrannen

Totalt 18 personar er nå evakuerte med helikopter etter at det braut ut brann i eit fiskefartøy i Nordsjøen. To personar er framleis på båten for å berga den.

Redningsaksjon i Nordsjøen

Dette bilete blei tatt frå båten Esvagt Alpha då redningshelikopteret var i gang med evakueringa.

Foto: Jørgen Kaj Hunnerup Mathiassen / Esvagt Alpha

  • SISTE: HRS melder klokka 22 at dei har tatt med seg fire nye personar frå trålaren Langenes med hjelp av helikopter. Nå er det eit mannskap på to personar som er att på båten.

Klokka 15.03 sende trålaren Langenes ut mayday signal etter at ein brann i maskinrommet blei oppdaga. Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) sende ut to redningshelikopter for å evakuera mannskap.

– Heile mannskapet på 20 personar gjekk opp på dekk då det byrja å brenna og brannsløkkingsanlegget blei slått på. 14 personar blei evakuerte med hjelp av helikopteret, seier redningsleiar i HRS, Bjørn Jarle Åmlid.

Dei seks som var skulle prøva å berga trålaren. I 19-tida melde dei at båten byrja å ta inn vatn. Dermed returnerte det eine redningshelikopteret med lenseutstyr.

– Eg vil ikkje seia at det er dramatisk, men det kompliserer situasjonen. Det ligg fleire fartøy som kan hjelpa til med evakuering dersom noko skulle skje, seier Åmlid til NRK klokka 19.50.

Fire nye evakuert

Då redningshelikopteret leverte lenseutstyret plukka dei med seg fire nye frå mannskapet, slik at det nå berre er to att som skal prøva å få ut vatnet.

– Det er vanleg at ein tar av mannskap ein ikkje treng om bord i slike situasjonar, seier redningsleiarleiar i HRS, Cecilie Øversveen til NRK klokka 22.

– Så for dei to som er att på båten er det trygt?

– Ja, det ligg framleis båtar rundt som kan hjelpa til om det skulle skje noko. Me veit ikkje kor mykje vatn Langenes tar inn, men nå har dei fått lensepumpene så ventar me ein status.

Båten har heller ikkje straum og trålen ligg ute, derfor skal dei også prøva å kutta den av.

Skal slepa båten inn

Kystvaktbåten og eit tauebåt er også på veg ut. Dei er framme i 23-tida, og planen er då å slepa båten til land.

Helikopteret har landa

Dette redningshelikopteret landa i 17-tida på Stavanger lufthamn Sola med 14 av personane som var mannskap på trålaren Langenes.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Dei første evakuerte landa på Stavanger lufthamn Sola i 17.30-tida i dag. dei er nå innlosjerte på hotell. Ingen skal vera skadde og politiet har snakka med dei.

– Me snakkar med dei og føretar dei første etterforskingsskritta. Samstundes er me i dialog med reiarlaget for å ordna med innlosjering, seier operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland.

Brannen vil bli etterforska av politiet.

– Me har oppretta sak og Sjøfartsdirektoratet er også kopla inn, seier Skårland.

Til NRK opplyser reiarlaget Engenes Fiskeriselskap at brannen skal vera sløkt, men at dei manglar straum om bord på båten.

– Situasjonen er likevel ikkje avklart. Det er brukt CO₂ til sløkking, derfor går det ei stund før ein kan gå inn i maskinrommet å sjå korleis det ser ut der nede, seier Åmlid.

Redningsaksjon i Nordsjøen

Her blir eitt av medlemmene i mannskapet heist opp i helikopteret.

Foto: Jørgen Kaj Hunnerup Mathiassen / Esvagt Alpha

Heiste folk om bord

Evakueringa med helikopter starta klokka 16.10.

– Mannskap blir heiste om bord i helikopteret, samstundes som den danske båten Esvagt Alpha har kome til. Dei kan også evakuera mannskap med hjelp av lettbåten sin, sa Åmlid til NRK i 16.30-tida.

– Er det opne flammar om bord i båten?

– Så langt er det ikkje meldt om dette. Brannen er i maskinrommet som er stengt av. Brannsløkkingsanlegget er i gang.

Langenes brenn

Dersom brannen blussar opp kan det bli aktuelt å evakuera heile mannskapet.

– Me vurderer fortløpande om dei siste også skal evakuerast, seier Åmlid.

– Ligg fartøyet i trygg avstand frå oljeinstallasjonar i Nordsjøen?

– Ja, det gjer det.

Det andre helikopteret heldt seg i lufta over båten fram til klokka 18, då returnerte det utan mannskap om bord. Då var også ein kystvakt-båt på veg ut. Den er venta å vera framme i 23-tida i kveld.