Hopp til innhold

Studentar får ikkje tak over hovudet – Mohammed (22) førebur seg på hotell

Om lag 17.000 studentar står i hybel-kø like før studiestart. – Situasjonen er håplaus, seier student Mohammed Mousa.

Mohammed Mousa

Mohammed Mousa er ein av 17.000 studentar som står i kø for å få studentbustad. Samstundes slit han med å få napp i den private bustadmarknaden.

Foto: Privat

– Det tok ti sekund, så var alt borte.

Administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS), Elisabeth Faret, står utanfor 70 nye studentbustader ved campus i Stavanger.

Då leilegheitene blei gjort tilgjengelege for studentar, blei dei rivne bort. Grunnen er ei lang venteliste av studentar som vil ha studentbustad.

Elisabeth Faret står på parkeringsplassen utanfor dei nye studentbustadane på campus i Stavanger. Det er sol og ein kan sjå at bygga er heilt nye.

Alle leilegheitene i dette bygget forsvann ti sekund etter dei blei lagt ut fortel Elisabeth Faret, administrerande direktør i SiS.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ifølgje Samskipnadsrådet står nå om lag 17.000 studentar over heile landet på slike ventelister.

– Dette meiner me er sterkt beklageleg, og det er ein situasjon me ikkje kan vera kjent av, seier styreleiar i Samskipnadsrådet, Hans Erik Stormoen.

Situasjonen i storbyane

Har fått studentbustad

På venteliste

Oslo

3880

6337

Bergen

2615

2425

Tromsø

855

1689

Stavanger

713

695

Kristiansand

544

364

* Studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik har ikkje lenger ventelister, men i 2019 var ventelista på om lag 3.000. Dette inngår i totalen når Samskipnadsrådet nå seier at det er totalt er om lag 17.000 i kø.

Les også Opplevde leiemarerittet: – Fant mugg i stua, soverommet og kjøkkenet

Taket i leiligheten

Vurderer hotell

Samstundes opplever mange den private leigemarknaden som vanskeleg.

– Det verkar heilt håplaust. Studiestart er om 15 dagar, seier 22 år gamle Mohammed Mousa frå Tønsberg, som nå skal starta på ein bachelor i statsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Nå vurderer han hotell. Då må han i så fall bruka pengane han har tent på å jobba som vektar gjennom sommaren.

– Eg har jobba mykje for å koma inn på studiet, så eg vil faktisk heller betala for hotell nokre månadar enn å la det gå utover studia, seier Mousa, og legg til at han ikkje er den einaste studenten som vurderer dette.

Ingen napp på Finn

NRK har tidlegare fortalt om korleis oljemessa ONS gjer det ekstra vanskeleg å få leiga leilegheit på den private marknaden i Stavanger i august.

Hans Erik Stormoen, administrerende direktør studentsamskipnaden i sørøst-norge

Styreleiar i Samskipnadsrådet, Hans Erik Stormoen, er ikkje nøgd med dei lange ventelistene.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Mousa trålar også Finn i bustadjakta si. Noko som har vist seg å by på utfordringar, i alle fall når han har sett eit tak på 9000 kroner i månaden.

– Eg har sendt førespurnad på godt over 20 Finn-annonsar, men berre fått svar frå ein. Han sa at han hadde veldig mange andre som var interesserte, så eg tvilar på at eg får den, seier studenten.

Vil ha meir støtte frå staten

Ifølgje styreleiar i Samskipnadsrådet, Hans Erik Stormoen, viser dei ferske tala at det er mangel på studentbustader i Noreg.

Dersom Mousa hamnar på hotell, kallar han det tragisk.

– Det skal ikkje vera slik i samfunnet vårt at du må bu på hotell for å studera, seier Stormoen.

Han meiner staten må bidra meir for å få opp byggetempoet.

Nye studentbustadar på campus i Stavanger. Blokkene har trepanel og ligg bada i sol. I framgrunnen ser ein grasplenar.

Dei nye studentbustadane på campus i Stavanger rommar ein del, men framleis står hundrevis på ventelister.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dag støtter staten ein tredel av studentbustadene i storbyar som kostar ein million kroner eller mindre å bygga. Auka byggekostnader gjer at denne finansieringsmodellen må endrast meiner Stormoen.

– Me forventar at Borten Moe tar tak i dette, slik at me kan realisera endå fleire bustader med så låg husleige som mogleg til studentane, seier Stormoen.

Må sjølv ta ansvar

Kunnskapsminister Ola Borten Moe (Sp) seier følgjande til NRK om dette:

– Regjeringa ønsker å auka tala på nybygde studentbustader frå litt over 1000 til 3000 i året, fortel ministeren.

s_-XD7Iw

Ola Borten Moe (Sp) er minister for forsking og høgare utdanning.

Foto: Torstein Bøe

Likevel meiner han at studentsamskipnadene må ta mykje av skulda for at dei har hamna i ein situasjon med for få studentbustader.

– Samskipnadene tener godt, og dei har 5 milliardar i eigenkapital. Dei kunne ha bygd mange fleire bustader om dei ønska, men det har dei ikkje gjort, seier han.

Han seier Samskipnadene har brukt pengar til andre ting, som f.eks. å utvikla velferdstilbod på campusar.

– Det er greitt nok det, men det er eit val studentane tek. Då kan du ikkje berre koma å si at staten skal betale endå meir, seier Moe.

Stormoen deler ikkje dette synet, men tek gjerne eit møte med statsråden om temaet.

– Samskipnadene bygger òg studentbustader med eigne middel når me ser at det er den einaste måten å få bygd bustader på, men det gir ei høgare husleige enn dersom ein hadde fått statlege tilskot og lån gjennom Husbanken, seier han.