Hopp til innhold

Store kontraktar i vente i Rogfast

På måndag skal ein av dei store tunnelkontraktane i det undersjøiske Rogfast-prosjektet underskrivast. Då er det Skanska som får tilslaget på å bygge nærare 10 kilometer tovegs-tunnel mellom Bokn og Kvitsøy.
Samstundes skulle også kontrakten for strekninga Randaberg til Kvitsøy blitt underskrive, men det blir utsett fordi ein av tilbydarane har klaga på innstillinga frå Rogfastleiinga.

Kart over første store byggekontrakt i Rogfast, frå Mekjarvik og ni kilometer nordover i retning av Kvitsøy
Foto: Statens vegvesen