Hopp til innhold

Kapteinen braut sikkerheitsinstruksen

Havarikommisjonen meiner det var kapteinen på tankskipet Stavanger Bliss som sjølv var årsak til at han mista livet den 25. oktober i 2020. Kapteinen gjekk inn i ein lastetank på skipet, som ikkje var klarert. Kapteinen var uroa for tryggleiken til skipet etter ei lossing i Dalian i Kina, sidan koronaepidemien gjorde at inspektøren ikkje kunne gjere si oppgåve. Tankskipet Stavanger Bliss tilhøyrde i 2020 Stavangerreiarlaget DSD.

Flere nyheter fra Rogaland