Hopp til innhold

Valen må i retten

Komikar Kristian Valen må møte i retten i august, etter at politiet fann ulovlege våpen i heimen hans i februar i 2020, skriv VG. Det dreier seg først og fremst om eit halvautomatisk gevær, AR15. Våpenet var ikkje registrert i våpenregisteret og Valen hadde heller ikkje våpenkort. I tillegg krev politiet å få beslaglegge heile 34 andre våpen. Valen skriv til VG at han motstrider alle påstandane frå politiet.

kristian valen
Foto: Helga Tunheim