Hopp til innhold

Nei til erstatning i mobbesaka

Formannskapet i Bjerkreim sa i går kveld nei til å gi erstatning til fire elevar som blei mobba då dei gjekk på skulen. Kommunen har fått kritikk frå både Fylkesmannen og Rogaland revisjon for måten dei har handsama mobbesakene på, men til Dalane Tidende seier ordførar Torbjørn Ognedal at formannskapet har støtta innstillinga frå rådmannen om å ikkje gi erstatning.