Hopp til innhold

Stal PC frå drosjesjåfør

Ein drosjepassasjer stakk av med ein PC som høyrde til taxisjåføren. Politiet fann seinare PC-en under dyna på soverommet til passasjeren. Forklaringa om at han hadde tatt feil av handleposen og sekken med PC-en i, blei ikkje akseptert av politiet.