Hopp til innhold

30 mill. kroner til nytt museum

Kulturminister Linda Hofstad Helleland har lova vekk 30 millionar kroner til Nytt grafisk museum i Stavanger. Styreleiar ved Museum Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal, er svært glad for meldinga som kom i går kveld. – Det er fantastisk at regjeringa ser behovet for eit museumsløft i Stavanger, skriv ho i ei pressemelding. Nybygget skal vera knytt opp til hermetikkmuseet i Gamle Stavanger.

Flere nyheter fra Rogaland