Hopp til innhold

Bil køyrde feil veg på motorveg

Politiet fekk i kveld fleire meldingar om ein bil som kom køyrande i feil veg på motorvegen E39 ved Stavanger. Dei fekk stoppa bilen ved Auglendstunnelen. Føraren var ei 81 år gamal kvinne. Politiet har teke beslag i førarkortet.