Hopp til innhold

Innbrot på St. Svithun

Det har vore innbrot på St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger i helga. Tjuvane har fått med seg elektronisk utstyr og sportsutstyr. Dei kom seg inn gjennom eit vindauge. Politiet har vore ute på staden og sikra spor. Dei to mennene som er tekne i samanheng med ei rekke innbrot i Stavanger den siste tida skal sjekkast opp mot dette innbrotet også.

Flere nyheter fra Rogaland