Hopp til innhold

TRAVEL NATT FOR POLITIET:

04.03: 36 år gamal person teken på ruten i Sandnes med mindre mengd narkotika. Stoffet blei beslaglagd og mannen meld.

03.15: Skadeverk i Kirkegata, ruter knust. Ingen arresterte.

03.00: Gjest på utestad hevda å vera politi, ransaka folk og bad om legitimasjon. Mannen viste seg å vera vektar. Sak er oppretta, mannen nektar straffskuld.

02.46: 29 år gamal kvinne blanda seg i arbeidet til politiet på Bryne og blei bedt om å gå vekk. Det enda med at ho sparka ein av tenestemennene og blei pågripen og sett i arrest. Sak er oppretta.

02.12: Krangel mellom 19-åring og 33-åring i Skagen, der den yngste skalla den eldste. Politiet brukte peparspray då dei ikkje ville gje seg, og begge blei melde.

00.53: To 17 år gamle jenter blei tekne med falsk legitimasjon etter å ha prøvd å koma seg inn på Beverly. Begge er melde.

00.23: Sak oppretta mot 19-åring etter at han prøvde å koma seg inn på Backstage i Stavanger med falsk legitimasjon.

00.06: 26 år gamal mann stoppa for kontroll på ruten. Mangla førarkort og blei meld.

Haugesund: Politiet avslutta ein ungdomsfest i Fjellvegen der mindreårige var til stades. Føresette er varsla.

Haugesund: Politiet tilkalla etter slåstkamp på ein fest på Vormedal. Ingen skadde, men ein 17 år gamal gut er meld etter at politiet fann ein såkalla "slåst-hanske".

Haugesund: Ein 22 år gamal mann blei sett i arresten etter slagsmål på indre kai. mannen er meld for ordensforstyrring.

Haugesund: Ein 19 år gamal mann blei køyrd til legevakta etter å ha blitt skalla ned på indre kai.