Hopp til innhold

TO LEITEAKSJONAR:

Laurdag var det to leiteaksjonar etter ein mann i 50-åra i Haugesund. Han var under medisinsk behandling og forlét sjukehuset ved to høve. Det vart sett på som kritisk å finne mannen, og det vart difor sett inn store ressursar i leitinga. Han er no komen til rette igjen.