Hopp til innhold

- Må kutta 70 millionar på to år

Rådmannen i Haugesund tar fram sparekniven og føreslår at kommunen kuttar 30 millionar kroner på drifta neste år.

Haugesund rådhus

Haugesund rådhus.

I 2012 må kommunen spara ytterlegare 40 millionar kroner, ifølge rådmann Odd Henry Dahle.

I ettermiddag la han fam budsjettforslaget for Haugesund kommune.

Rehabiliterings-kutt

Odd Henry Dahle

Rådmann i Haugesund, Odd Henry Dahle.

Foto: Haugesund kommune

Taparane blir brukarane av omsorgs- og skuletilbodet i kommunen. Mellom anna skal fleire sjukeheimsavdelingar på Bjørgene og Vardafjell stengast for rehabilitering.

- Dette er forsvarleg i og med at talet på eldre over 80 år kjem til å gå ned dei neste åtte åra, seier Dahle.

Ikkje aktuelt å redusera talet på tilsette

- Er det aktuelt å seia opp folk i kommunen når det skal sparast 70 millionar kroner dei neste to åra?

- Nei, det er ikkje aktuelt. Erfaringane frå tidlegare nedskjæringar viser at me kan spara pengar utan å seia opp tilsette.

I budsjettet for neste år kjem det også fram at rådmannen ønskjer å styrka barnevernet og legga til rette for utbygging i Skåredalen og område nord for Haugesund sentrum.

Kva meiner du om Haugesund kommune sin spare-plan?