Hopp til innhold
Info fra NRK

Film i NRK TV

I romjula er det enda meir å velje mellom i NRK TV. Sjekk anbefalingane til Filmpolitiets Birger Vestmo.

Jennifer Lawrence og Jesper Christensen i "Winter's Bone" og "Kongens nei"

Prisbelønna prestasjonar: Jennifer Lawrence i «Winter's Bone» og Jesper Christensen i «Kongens nei»

Foto: Arthaus/Paradox Produksjon AS

Mange av spelefilmane som blir lagt ut i jula har vunne gjeve prisar: «Amour» frå Austerrike fekk til dømes både Gullpalmen i Cannes og Oscar for beste framandspråklege film, «Winter’s Bone» var nominert til fire Oscar og vann «storjuryens pris» (Grand Jury Prize) under Sundance, mens «Kongens nei» fekk heile åtte Amanda-prisar her heime, for å nemne nokre.

Sjå også: 10 barnefilmar i NRK TV

Sterkt om det nære

Når Birger Vestmo ser lista, ser han straks nokre filmar han vil trekke fram. Dei har alle til felles at dei handlar om familierelasjonar som blir sett på prøve. Her er dei fire favorittane hans:

1. Turist: – Rivande godt skodespel
– Den svenske regissøren Ruben Östlund har laga eit bittersøtt drama om ein familie på skiferie i Alpene. Når eit snøskred kjem mot dei, stikk faren frå både kone og barn, men skredet stoppar før det når fram til dei. Etterpå later faren som ingenting, men eit oppgjør er i gjære. Rivande godt skodespel (blant anna frå norske Lisa Loven Kongsli og Kristofer Hivju), eit smart skrive manus og ein jamn straum av underfundig humor gjer "Turist" til ei svært tilfredsstillande filmoppleving, seier Vestmo.
Filmpolitiet om turist:

Amour: Anne er ramma av slag

Anne er ramma av slag. «Amour» viser den aller siste fasen i livet til to menneske.

Foto: Arthaus

2. Amour: – Sterkt og rørande
– Den austerrikske regissøren Michael Haneke står bak dette stille, sterke og rørande dramaet om eit aldrande ektepar i den siste fasen i livet. Anne (Emanuelle Riva) blir ramma av slag og pleia av ektemannen Georges (Jean-Louis Trintignant), som kjempar for at ho skal leve eit verdig liv. Handlinga finn stort sett stad i leiligheita til det kultiverte paret, og vi får del i tankane deira. Isabelle Huppert speler godt som den godt vaksne dottera til paret, seier Vestmo. Filmpolitiet om Amour

3. Louder than bombs: – Stille, vakker og poetisk
– Den norske regissøren Joachim Trier ("Reprise", "Oslo 31. august", "Thelma") imponerte stort med denne filmen. Det var hans første internasjonale film, med store navn som Isabelle Huppert, Gabriel Byrne og Jesse Eisenberg på rollelista. «Louder Than Bombs» er ein stille, vakker og poetisk film om ein sorgprosess i stampe. Ei mor forulykkar, og sonen oppdagar at ho hadde hemmelegheiter som set forholdet til faren på prøve. Trier fekk igjen vist at han er ei filmstemme med eit verdifull særpreg, mykje takka vere manussamarbeidet med Eskil Vogt, seier Vestmo. Filmpolitiet om Louder than bombs

3. Fortiden: – Intenst og lett gjenkjenneleg

Fortiden

Bérénice Bejovant fekk Gullpalmen i Cannes for beste kvinnelige hovudrolle i «Fortiden».

Foto: Arthaus

– Den iranske regissøren Asghar Farhadi har laga er eit intenst og rørande familiedrama, med sterke prestasjonar frå så vel store som små skodespelarar. Dei er truverdige som familiemedlemmar i ein vond situasjon, der alle rotar det til for kvarandre. Iranske Ahmad (Ali Mosaffa) kjem tilbake til Paris, fire år etter at han forlét kona Marie (Bérénice Bejo) og hennar to barn. Filmen skildrar mekanismar i ein splitta familie som burde vere lett gjenkjennelege også for norske sjåarar, seier Vestmo. Filmpolitiet om Fortiden

Andre filmar:

1001 gram: Forskaren Marie (Ane Dahl Torp) reiser til Paris for å kontrollvege Noregs prototype på ein kilo. Der møter ho noko som vanskeleg kan målast og vegast: Kjærleik.
I NRK TV: Fredag 21.12.

Winter's Bone: Ree Dolly leitar etter far sin. Han har pantsett huset og stukke av frå familien. Ingen i nabolaget vil hjelpe Ree, i staden blir ho møtt med truslar. Men Ree gir seg ikkje. «Det er et kaldt og intenst drama som rulles opp, med imponerende skuespillerprestasjoner…» Filmpolitiet
I NRK TV: Tysdag 25.12

Meg eier ingen
Lisa veks opp med faren, og dei to er bestevenner. Men han bruker alkohol som medisin, og drikkinga tek stadig meir overhand. Til slutt må Lisa ta eit val. «Sterkt og vemodig med Persbrandt i sitt livs rolle» VG

En mann ved navn Ove: Den gamle grinebitaren Ove mistar jobben etter 43 år og bestemmer seg å ta livet sitt. Men dei nye, irriterande naboane forstyrrar stadig vekk sjølvmordsforsøka hans.

Børning 2: Roy slepp ut av fengsel, fast bestemt på å bli lovlydig. Men så blir dottera Nina med kjærasten Charley på eit billøp frå Fosnavåg til Murmansk, og Roy må følgje etter.

Welcome to Norway: Per Primus trassar skepsisen sin til utlendingar og startar asylmottak. Då må han sjonglere femti asylsøkarar, ein entusiastisk afrikanar, UDI, ei deprimert kone og tenåringsdottera.

Cave: Eks-soldatane Charlotte, Adrian og Viktors mål er å vere dei første til å komme seg levande gjennom eit aude, uutforska grottesystem. Dei veit ikkje kva som ventar dei i djupet.

Shame: Bak Brandons tilsynelatande perfekte fasade skjuler det seg eit einsamt menneske, på evig jakt etter seksuell tilfredsstilling.
«En uhyre sterk prestasjon av Michael Fassbender!» Filmpolitiet

Stem nei: Kan ein felle eit diktatur på same måte som ein sel brus og joggesko? «Stem nei» handlar om folkeavstemninga i 1988 i Chile, om diktatoren Pinochet skulle halde fram eller ikkje.

Den grønne sykkelen: Ti år gamle Wadjda ønsker seg ein grøn sykkel. Mor hennar synest ikkje sykling passar seg for ei jente, men Wadjda gir seg ikkje. Ho blir med i ein Koran-resiteringskonkurranse i håp om å vinne pengepremien.
«Den grønne sykkelen er en praktfull film» Aftenposten

Rebell (War witch): Komona er barnesoldat i den kongolesiske jungelen, og blitt tvinge til å drepe foreldra sine. Men ho får etterkvart ei uvanleg rolle: Ho ser ting og blir opphøgd til krigsheks.«Rachel Mwanza spiller fantastisk som et barn uten håp om en normal fremtid, men som likevel har viljen til å tørre å håpe.» Filmpolitiet

Vivianes kamp: Israel: Viviane vil skilje seg frå mannen sin, men han nektar. Dermed blir det rettsak som går over fem år. «Ufattelig interessant og ytterst avslørende» VG

Tordenskjold & Kold: Møt Tordenskjold som sexavhengig rock’n roll-aristokrat i film med manus av Erlend Loe.

Kongens nei (Søndag 30.12): April, 1940: Tyskarane gir Kong Haakon eit ultimatum: kapitulér eller døy.



Dokumentar: Louis Theroux

Louis Theroux - gjensyn med en hatet familie

Louis Theroux klarer å komme seg inn i miljø som er lukka for de fleste av oss, og oppnår tillit hos intervjuobjekta sine. Resultatet er både grundige og originale dokumentarar.

Foto: BBC

Louis Theroux er britisk journalist og dokumentarist som har mottatt fleire prisar for arbeidet sitt. I jula er ei rekke av tidlegare sendte dokumentarar gjort tilgjengelege: