Hopp til innhold
Info fra NRK

Ny serie i NRK TV: Undercover

Samtidig som Maya Cobbina blir riksadvokat, oppdagar ho ukjente sider ved ektemannen sin. Er ho blitt spionert på i 20 år?

Undercover

Å elske, ære og svike: Kva er sanninga om Mayas ektemann?

Foto: BBC Worldwide

Etter fleire år som forsvarsadvokat blir Maya Cobbina den første svarte riksadvokaten. Det er ei rolle og eit ansvar som krev både handlekraft og integritet - det kan ikkje vere noko ved henne som ikkje toler dagens lys.

Men ektemannen hennar skjuler noko. For 20 år sidan var han både ein fryktlaus politimann som gjekk undercover i organisasjonar med ekstreme politiske synspunkt, men han var også ein aktivist i ein organisasjon for svarte. Der hadde han blant anna som oppgåve å følgje med på Maya.

Samtidig som Maya oppdagar at ektemannen ikkje har spelt med opne kort, arbeider ho med eit justismord: Dødsdømte Rudy Jones har sitte fengsla i 20 år for eit drap han ikkje stod bak. No er tidspunkt for dødsstraffa sett.

Maya kjempar for Rudy og oppdagar meir om fortida til ektemannen. Etter kvart avdekkar ho at saka er større enn ho trur. Sterke krefter er i sving: eit intrikat nettverk mellom korrupte politikarar, mediefolk og polititenestemenn. Kan ho avdekke sanninga før det er for seint? Og dersom ho lukkast med det, vil familien hennar nokon gong vere trygg?

Serien blir ikkje sendt lineært. Alle episodane blir tilgjengeleg på ein gong i NRK TV 21. desember.