Informasjon fra NRK

Howards End

Veke 52 NRK1 onsdag 26.12 kl 21.10

England 1905: Kva sømer seg, og kva sømer seg ikkje for unge, velståande kvinner? Søstrene Schegel bryr seg ikkje.

Margaret Schlegel

Margaret Schlegel er heime med tanta og bror sin då ho får eit brev frå søstra si, Helen.

Foto: Laurie Sparham

Howards End er basert på romanen til EM Forster om dei to ukonvensjonelle søstrene Margaret og Helen Schegel. Dei engasjerer seg i kunst, litteratur og menneska dei møter – også dei som ikkje er av «same stand» som søstrene sjølv.

Serien startar med at Margaret Schlegel får eit brev frå Helen, som er på besøk hjå Wilcox-familien på Howards End. Ho har forelska seg i Paul Wilcox, den yngste Wilcox-sonen. Den litt over-ivrige tante Juley dreg straks til Howards End som ein representant for familien Schegel – men det blir ikkje noko av den forventa trulovinga.

Søstrene forsøker å gløyme denne pinlege episoden og dreg til London på konsert. Der blir dei kjent med Leonard Bast, ein ung bankfunksjonær som lever langt frå så sorglaust som Schegel-søstrene.

«Howards End» skildrar eit England med store klasseforskjellar, strenge kjønnsroller og eit gryande mangfald: Når du koloniserer verda, kjem også verda til deg.

Les omtalen i The Guardian: Howards End review – timely, careful remake explores class and race.