Informasjon fra NRK

Håpet

Veke 52 NRK 1 tysdag 25. desember 21.20 og i NRK TV.

Marie tek hyre på båt forkledd som gut. Ho vil finne faren som har vore borte i tre år, og som alle trur er død.

Håbet Ep2: Anine Lindvig som Marie

Anine Lindvig speler Marie, som igjen latar som ho er guten Martin.

Foto: Henrik Petit / Henrik Petit

Året er 1899. Marie er 15 år og bur på barneheim med småsyskena sine, Karl og Sofie. Mor er død, og alle trur at faren deira har drukna, og at dei derfor står utan foreldre. Men Marie nektar å akseptere at faren som sist vart sett i Noreg, er død.

Ein morgon kjem skipet «Håpet» til byen med skipper Andersen og kona hans. Til Maries store sorg adopterer dei Karl og Sofie. Det får Marie til å legge ein dristig plan: Ho klipper håret kort, kler seg som gut og tek hyre på «Håpet» under namnet Martin. Ferda går frå Danmark til Noreg og Island og byr på både romantikk, vennskap og eventyr, og ikkje minst leiting etter faren.

Kor lenge skal Marie skjule kven ho eigentleg er? Ho er framleis litt barn, men blir stadig meir vaksen, både i kropp og i sjel. «Håpet» er historie om ei ung jente som kjempar for å bestemme sin eigen skjebne, og bli ei sterk og uavhengig kvinne i ei tid der slikt slett ikkje var vanleg.

Alle fire episodane av «Håpet» blir tilgjengeleg i NRK TV tysdag 25.12.