Hopp til innhold

Tørke i byggjebransjen – tvinga til å ta andre typar oppdrag

Renteaukar og høge kostnader har gjort at bygging av nye bustader nærast har stoppa opp. Også offentlege investeringar blir ramma.

Byggmester Stian Stenseth og noen av de ansatte.

Stian Stenseth og firmaet hans tek no fleire andre typar oppdrag etter at bustadbygging nærast har stoppa opp.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

Renteauken i september var ikkje akkurat med på å lysne framtidsutsiktene for byggmeister Stian Stenseth og hans 17 tilsette i firmaet Tre Tommer i Rakkestad.

NRK møter dei medan dei rehabiliterer eit hus opp mot nye energikrav.

Det har vorte fleire slike oppdrag den siste tida.

– Det er stille og roleg på nybyggmarknaden, for å seie det sånn. Nybustadbygginga har nesten stoppa opp.

Stenseth fortel at høge straumprisar, renteaukar og auka levekostnader generelt har gjort at folk i større grad vel å bruke pengar på den bustaden dei bur i framfor å byggje nytt.

– Vi får fleire og fleire førespurnader om rehabilitering, eller på det vi held på med her, som er energirehabilitering.

Han sit også i styret i Byggmester­forbundet og har god innsikt i marknaden. Han fortel at mange, til liks med han, driv meir med rehabilitering for å ha til smør på brødskiva.

Byggefirmaet tar på seg flere oppdrag innen rehabilitering enn før.

Dette huset blir rehabilitert for å møte nye energikrav.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

Regionsleiaren i Byggmesterforbundet for Sør-Noreg heiter Frank Pedersen. Han meiner at stagnasjonen ikkje berre kjem av renter og kostnader.

– Noreg har dei siste sju–åtte åra år hatt eit einsidig fokus på fortetting i tettstadene og då gjerne i høghus. Resultatet ser vi i dag. Det finst ikkje nok einebustadtomter i store delar av landet, sjølv om marknaden spør etter det.

Frank Pedersen er Byggmesterforbundets leder for Sør-Norge.

Frank Pedersen i Byggmesterforbundet meiner politikarane har ein stor del av skulda.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

Oppmoda til å halde oppe aktiviteten

I slutten av november i fjor, sende Byggenæringens Landsforening eit brev til alle kommunestyra i landet. Der var hovudbodskapen:

«Ikkje utsett planlagde investeringar. Det er viktig å bidra til å oppretthalde aktivitet og sikre arbeidsplassar i ei utfordrande tid for Noreg».

Administrerande direktør Nina Solli seier til NRK at det ser ut til å ha gitt minimalt med effekt. Samtidig gir ho uttrykk for forståing:

– Vi har prøvd det vi kan, men politikarane sit og ser på budsjettet for i år. Det er klart det er auka kostnader og bekymring for auka renter der òg.

Men så understrekar ho:

– Prosjekt som blir stoppa, kan bli dyrare.

Stoppar store investeringar i Sarpsborg

I Sarpsborg har Høgre vunne kampen om ordførarplassen. Den påtroppande ordføraren varslar tøffe økonomiske tak i kommunen dei neste fire åra.

Kommunen har i dag to store byggjeprosjekt gåande:

Det kan bli dei siste store investeringane i nybygg kommunen gjer dei neste fire åra. Kommunedirektør Turid Stubø Johnsen seier at det er lite aktuelt å ta opp lån til store investeringar i dag.

– Med lånefinansiering aukar rentekostnadene. Dei et av den same kaka som skal gå til drift av skule og sjukeheimar.

Turid Stubø Johnsen.

Turid Stubø Johnsen, kommunedirektør i Sarpsborg, trur ikkje det er realistisk med store investeringar i kommunen dei neste åra.

Foto: Ingrid Mathilde Langvik/NRK

Ho trur at vi framover generelt vil sjå ein lågare aktivitet enn det vi har vore vande til dei siste 10–15 åra.

Rommet for investeringar i kommunen er svært lite, om det i det heile er der dei kommande åra, seier ho.

Permitteringar

Så langt i år har byggjebransjen sendt ut 400 prosent fleire permisjonsvarsel samanlikna med same periode i fjor.

Hos Tre Tommer i Rakkestad har dei førebels nok jobbar som ventar. Dei har derfor unngått å sende ut permisjons­varslar. Men Stenseth kjenner på ansvaret:

– Det er klart eg kjenner presset. Vi har 17 tilsette og dei skal ha jobb også dei neste åra.

Les også Eline (25) vil ha flere kvinner inn i byggebransjen

Eline Bagli

Les også Vil byggje 50 meter høgt hotell i ferieparadis: – Eit angrep på naturen

Forslag til hotell på Sand på Hvaler