Hopp til innhold

Sarpsborg vedtar forbod mot køyretøy under russetoget

Russen i Sarpsborg får ikkje lov til å bruke køyretøy av noko slag under årets russetog.

Russen foran slottet i Oslo 17.mai 2016.

Russen må bruke beina under årets russetog i Sarpsborg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– 17. mai-komiteen i Sarpsborg har i dag avgjort at vi vil gjennomføre eit russetog utan bilar eller bussar eller andre former for køyretøy i rørsle, Lars Erik Andersen.

Lars Erik Antonsen

Lars Erik Antonsen seier at det er sikkerheita til publikum som veg tyngst når dei vedtar forbod mot køyretøy i russetoget.

Foto: Privat

Han er rådgjevar i Sarpsborg kommune. Han er også prosjektleiar for 17. mai-feiringa i Sarpsborg. Komiteen han leier har akkurat avgjort at russen ikkje får delta med køyretøy under russetoget.

  • Les historia om russen i fjor, som ville skvise ut det siste av russefeiringa. Blant dei trefte vi Theodora, som ville sitje i eit tre i tre timar.

I fjor blei russetoget stoppa etter berre nokre hundre meter. Fleire russ kasta russekort på vegen, og barn og unge sprang ut for å sikre seg korta. Politi og vakter sa då at dei ikkje hadde kontroll på situasjonen.

Antonsen seier at hendinga i fjor ikkje var utslagsgivande for avgjerda.

– Nei, det var det ikkje. Russen sjølv er veldig opptatt av sikkerheit og kjem med veldig mange gode tiltak som dei ønsker å gjere. Det er publikum og store folkesamlingar kombinert med køyretøy i rørsle som er vår uro.

Les også Fem innlagt etter russetreff: – Jeg hylte fordi jeg ikke klarte å puste

kollasj fredriksten

Gler seg ikkje til å kome på skulen

Pål Anders Olsrud er avgangspresident ved St. Olav vidaregåande skole i Sarpsborg. Han er ikkje overraska at det blei som det blei, for det har lege i korta. Men han hadde i det lengste håpt på det motsette.

Pål Anders Olsrud.

Russesjef ved St. Olav vidaregåande skole, Pål Anders Olsrud, er skuffa over avgjerda.

Foto: Privat

– Eg er skuffa. Og eg veit at det er mange fleire som kjem til å bli veldige skuffa. For mange er russetoget høgdepunktet i sjølve russefeiringa.

Han ser ikkje fram til å kome på skulen i morgon for å fortelje medrussen om avgjerda.

– Det er ikkje ein prat eg gler meg til å ta.

Les også Travel kveld for oslopolitiet: – Veldig mange burde slått hæla sammen og kommet seg hjem

Til venstre i bildet står en politiuniform. I bakgrunnen er en rekke ungdommer kledd i bunad og dress. Ungdommene er ikke i fokus.

Politiet ville ha forbod

Avgangspresidenten fryktar at det vil bli eit «stussleg» tog i år.

– Det er jo heilt openbert at vi har eit veldig sterkt ønske om å ha russebilar i toget i år òg.

Eg trur at fleire rett og slett ikkje har lyst til å delta i toget viss dei ikkje får køyrt bilane sine og vist dei fram.

Ifølge Sarpsborg Arbeiderblad fekk russestyra i Sarpsborg førre veke beskjed om at politiet kom med ei sterk oppfordring om forbod mot å køyre russebilar av noko slag i russetoget. Grunngjevinga var sikkerheit.

Olsrud meiner russen kunne strekt seg langt for å betre sikkerheita under arrangementet.

– Sikkerheit er det viktigaste av alt. Vi har vore opne for moglegheiter for å hjelpe politiet for å få det gjennomført på ein sikker måte. Dessverre er det ikkje eg som bestemmer, så då blei det bestemt motsett.