Hopp til innhold

No må du betale bompengar i Nedre Glomma

6,8 milliardar bompenge-kroner skal hentast inn i Fredrikstad og Sarpsborg dei neste åra. Bompengeperioden er sett til 15 år.

En bil passerer en bomstasjon i Skjærviken i Fredrikstad

25 bomstasjonar er sett opp rundt Sarpsborg og Fredrikstad.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Vi står mykje i kø og vi treng å utvikle byområda. Vi skal bygge nye vegar, betre kollektivtilbodet og gjere det betre for gåande og syklande, seier dagleg leiar i Bypakke Nedre Glomma Jostein Haug.

Innhaustinga skulle ha starta 24. januar, men blei utsett da ein rekke bussar blei innstilt som følge av ein stor brann i Sarpsborg.

Men klokka 12 onsdag blei dei 25 bomstasjonane rundt Sarpsborg og Fredrikstad aktivert.

Bomstasjon i bomring Nedre Glomma

Frå onsdag klokka 12 kostar det pengar å køyre inn til Sarpsborg og Fredrikstad.

Foto: Tomas Berger / NRK

Pengane skal brukas til diverse samferdselsprosjekt i Bypakke Nedre Glomma fase 2. Her inngår blant anna utbetring av riksveg 22 på Hafslund og riksveg 109 mellom Råbekken og Torsbekkdalen.

Det skal også brukast pengar på ny bru over Glomma i Sarpsborg.

– Fleire av desse prosjekta har vi venta på i 20–30 år, utan å finne rom til finansiering. No skal vi ha ein bomring der brukarane betalar noko, og så skal sjølvsagt det offentlege – fylkeskommunen, kommunane og staten, også inn med betydelege midlar, seier Haug.

Les også Skal kreve inn 6,8 milliarder i bompenger: Dette må du betale

To biler passerer en automatisk bomstasjon.

Desse satsane gjeld

For personbil vil følgjande satsar gjelde:

  • Full pris: 32 kroner
  • Med bombrikke: 25,60 kroner
  • Nullutsleppkøyretøy: 12,80 kroner

For fossile køyretøy som veg meir enn 3,5 tonn vil kvar passering koste 64 kroner. Nullutsleppskøyretøy over 3,5 tonn kan køyre gratis gjennom bomringen.

To biler passerer under en bomstasjon på Dikeveien i Fredrikstad

Også på de mindre vegane i Sarpsborg og Fredrikstad er det sette opp bomstasjonar.

Foto: Tomas Berger / NRK

Det vil bli einvegs innkrevjing. Det betyr at du berre betalar for passering av bomstasjonane i ei retning.

Kartet viser oversikt over bomringane i Fredrikstad og Sarpsborg.

Innanfor ein tidsperiode på ein time må du berre betale for ei passering.

På kvardagar mellom klokka 17.30 og 20.30 kan du køyre så mange gonger du vil gjennom bomringen for prisen av ei passering.

Per bil kan du maks betale for 70 passeringar i månaden. For ein personbil med bombrikke vil det utgjere følgjande:

  • Fossildrive: 1855 kroner.
  • Nullutsleppskøyretøy: 896 kroner.

Misnøgde

Onsdag formiddag har fleire lagt turen til handelsområdet på Dikeveien midt mellom Sarpsborg og Fredrikstad.

At det nå skal krevjast inn pengar gjennom bomringen er fleire misfornøgd med.

– Det synest eg ikkje veldig om. Vi betaler mykje frå før, seier Gerd Sunnset.

Ho har sikra seg ein bombrikke for å få nokre kroner i rabatt i bomringen.

En mann med briller og svart fleecejakke ser inn i kamera.

Karl-Rune Nilsen kan sykle til jobb på Rolvsøy, men syns ikkje noko om at det blir bomring i Nedre Glomma.

Foto: Tomas Berger / NRK

Karl-Rune Nilsen syklar til gartneriet der han jobbar. Han har likevel stor medkjensle for dei som får ein ekstrakostnad.

– Eg synest det er bedrøveleg. Først og fremst på grunn av den økonomiske situasjonen i dei to byane. Det er arbeidarbyar og belastninga bomringen medfører er ganske krevjande når alt anna er aukande i dag, seier Nilsen.

– Eg synest gang- og sykkelvegane som allereie er her burde blitt betre varetatt.

Store prosjekt i 2025

Jostein Haug i Bypakke Nedre Glomma har forståing for at fleire opplever bomringen som ei belasting.

En mann med caps og refleksjakke står foran en vei

Jostein Haug seier det er behov for å utvikle byområda i Sarpsborg og Fredrikstad.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Men vi håpar mange vil nytte seg av dei andre tilboda vi har. Vi skal bruke mykje pengar på å betre tilbodet for gåande og syklande. Og så skal vi i stor grad betre kollektivtilbodet.

Resultatet av pengeinnkrevjinga vil begynne å bli synleg neste år.

– Det første store prosjektet er eit vegprosjekt som vi kallar Hafslund-Donderen, der begynner vi å bygge i 2025. Før det er vi i gang med nokon mindre gang- og sykkelvegprosjekt, seier Haug.