Hopp til innhold

Valfusk mot oppklaring

Politiet i Drammen meiner dei nærmar seg ei oppklaring av valfusket i Drammen

Jan Erik Strøm, politistasjonssjef Drammen
Foto: Mari Hvamb / NRK

Det seier stasjonssjef Jan Erik Strøm ved Drammen politistasjon.

Strøm seier at fleire ny vitne skal inn til avhøyr i neste veke.

- Nå ser vi ein ende og tek til å få eit ganske godt bilete av saka og korleis det har gått føre seg, seier Strøm.

Vil snakke med Gilanifamilien

No vil politiet snakke med familiemedlemar til Ap-politikar Yousuf Gilani.

- Desse namna har dukka opp i avhøyr og det er naturleg å snakke med dei etter kvart, seier Strøm

Førebels er ein mann i 30-åra sikta i saka for å ha kome med trugsmål mot ein person.