Hopp til innhold

Støre går ikkje i Pride-paraden i år

Statsminister Jonas Gahr Støre er ikkje med i Oslo sin Pride-parade i år, opplyser Støre sin pressekontakt til TV 2.

Grunnen er ikkje kjend, men byrådsleiar Raymond Johansen og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen skal vere med. Dette blir første Pride-paraden sidan 2019, og i år markerer dei at det ar 50 år sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i Noreg.