Hopp til innhold

Politiet fyrte av skot mot bil i Aurskog etter kopartjuveri

Politiet har fyrt av fleire skot mot ein bil i Aurskog. Bilen blei brukt i et kopartjuveri, og heldt på å køyre på ein tenesteperson i fluktforsøket. Politiet ber om tips i saka.

Ettersøkt bil Aurskog

Politiet ettersøker denne bilen etter hendinga i Aurskog måndag morgon.

Foto: Politiet Øst

To personar blei teken på fersk gjerning då dei forsøkte å stele koparredningar frå ein trafostasjon på eit anleggsområde på Vikodden i Aurskog tidleg måndag morgon.

Dei vart fanga opp av kameraovervakinga, og politiet rykkja til staden.

Ein patrulje køyrde inn mot området i forsøk på å stanse at denne bilen skulle kome seg ut. Ein tenesteperson var til fots, då det blei oppfatta at denne bilen målretta forsøkte å køyre på eller mot tenestepersonen. Derfor blei det fyrt av meir enn eitt skot mot denne bilen for å avverje det, seier Gisle Sveen, operasjonsleiar i politiet øst.

Ingen av tenestepersonane blei skadde. Det er heller ingen indikasjon på at gjerningspersonane er skadd som følgje av hendinga.

Politiet ser svært alvorleg på hendinga, og spesialeininga er rutinemessig varsla.

Etterlyst bil Aurskog

Politiet ber publikum som kan ha informasjon om denne bilen ta kontakt på tlf. 02800.

Foto: Politiet Øst

Køyrde på politibil

Bilen køyrde ifølgje politiet også på politibilen på veg ut frå området. Den køyrde vidare i stor hastigheit i retning Vangen.

– Vi har søkt etter denne bilen i nærområdet i ganske lang tid, men har ikkje klart å finne den igjen. Vi har gått ut med ei etterlysing av bilen. Utifrå bileta vi har ser det ut som ein sølvgrå Volkswagen Golf plus, seier Sveen.

Politiet antar at bilen har ein skade i front etter kollisjonen med tenestebilen. Den skal også truleg ha knust bakrute.

Ifølgje politiet er det ikkje fyrste gong dei får melding om tjuveri av kopar.

– Vi hadde eit tilfelle for tre veker sidan der det blei stole kopar for ein god del titusenar, seier operasjonsleiar Trond Lorentzen.