Hopp til innhold

– For meg er gatelaget heilt enormt

DRAMMEN (NRK): Felleskap i fotballtreningar kan hjelpa folk på vegen ut av rus. Det viser eit nytt forskingsprosjekt.

Gatelaget løper rundt på bana

NYMÅKA: Tempo på spelinga er høgt sjølv med minusgradar i lufta. Før spelarane sat i gang vart bana måka for snø.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Etter eg kutta ut rusen so var det å komma hit ganske stort. Eg har alltid halde med denne klubben. Der inne sit det kvar dag nokre gamle legender.

Morten Martinsen peikar mot Strømsgodset sitt klubbhus på Gulskogen i Drammen. Han er ein av spelarane på gatelaget til klubben. Bak han er resten av laget i gang med å varme opp til dagens fotballtrening. Til felles har dei alle utfordringar med rus.

Morten Martinsen på bana

SER FRAM TIL TRENING: – Du gler deg til å komma hit og det er ein bra ting, seier Morten Martinsen om gatelaget.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det er ganske stort å ta på seg Strømsgodset-drakta sjølv om det var ein lang veg utanom for å få den på.

Martinsen brukar laget som ettervern. Det viser ny forsking at fleire har positiv erfaring med.

Bidreg til at folk sluttar med rus

I eit samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Noreg og Fotballstiftelsen såg forskarar på ulike erfaringar spelarar har med gatelag. Gjennom intervju med spelarar leita dei etter kva effekt laga har på vegen ut av rus.

Gatelaget spelar treningskamp

HELD SEG AKTIVE: I tillegg til fellesskapet rundt laget får spelarane og god nytte av ein betre fysisk form.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Dei opplever å bli innlemma i eit fellesskap der nokon tek vare på dei. Der blir du sett for den du er, fortel professor ved fakultet for helse og sosialvitenskap i USN, Bengt Eirik Karlsson.

Professor Bengt Eirik Karlsson

SKAPER STRUKTUR: Professor ved fakultet for helse og sosialvitenskap i USN, Bengt Eirik Karlsson, fortel at det er positivt å ha noko som får dei ut av huset og i fysisk aktivitet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Han er ein av fem forskarar som jobba med studia.

– Gatelaga er eit bidrag til at folk enten sluttar å rusa seg eller får eit anna forhold til rusen.

Utfordrande å få kvinner ut på bana

Rundt i Noreg er det no 19 aktive gatelag som får stønad frå Fotballstiftelsen.

Forskinga peikar på at gatelaga har nokre utfordringar. Ei av dei er at det er veldig få kvinner som deltek.

Keeper på gatelag kastar ballen til spelarar

FÅ KVINNER: Det er utfordrande for gatelaga å få med kvinner ut på bana. I Strømsgodset gatelag er det fem kvinner med rundt gatelaget.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Med nokre få unntak so er dei me har snakka med menn. Det er ei utfordring her at det er få kvinner som deltek, fortel Karlsson.

Men han fortel om eit unntak der ein klubb har fått kvinner med ut på bana.

– Ei av kvinnene på det laget tok og initiativet til å starta eit eige damelag, seier professoren.

Gatelag blir ein stad å få vener

Per Christian Mabro på fotballbana

FEKK ATT INTERESSA: – For meg er gatelaget ein stad å gå til for å komma inn i eit fellesskap og ikkje minst byrja å bli interessert i fotball igjen. Det har eg eigentleg ikkje vore dei siste 20–22 åra, fortel Per Christian Mabro.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Gatelaget er ein god arena for å skaffa seg nye venner og. Det er ofte det ein har mista på vegen i eit liv med rus, fortel Per Christian Mabro.

Han gjekk inn i rusbehandling i fjor sommar og byrja i Strømsgodset sitt gatelag to veker etter behandlinga var ferdig.

– Gatelaget har betydd alt for meg. Her kjenner du deg ikkje utanfor. Det betydde nok mest for meg i byrjinga.

– Du gler deg til å komma hit og det er ein bra ting, legg Martinsen til.

Gatelaget med fotball i forgrunn

EKSTRA TRENINGAR: To av klubbane forskarane intervjua har gått saman for å arrangera treningar på kveldstid og i helger då mange av spelarane har fått seg jobb.

Foto: Anders Martin Helle / NRK