– Det er vasskadar i heile huset. Eg må rive ganske mykje, seier Magnus Brennhovd.
Magnus Brennhovd kjøpte huset for berre to månader sidan.
Foto: Frida Synnøve Høyås / NRK20-åringen bur på Nesbyen og måtte evakuere då vatnet frå Hallingdalselva steig raskt under ekstremvêret.
Han kjøpte huset i sommar og hadde komme i gang med oppussinga då flaumvatnet kom.
– Og med fukta kjem muggen. Men det var ganske uventa at han kom så fort, fortel Magnus.
Magnus Brennhovd var overraska over kor fort muggsoppen sette seg i veggene.
Foto: Frida Synnøve Høyås / NRKViktig å få ut fukta så fort som mogleg
Spesielt etter ein flaum der vatnet har sige inn over alt i huset, er faren for mugg stor.
– Og han kan komme veldig raskt, seier Ole Erik Carlson.
Ole Erik Carlson er fagansvarleg for muggsopp og inneklima i Mycoteam.
Foto: Jarle NyttingnesHan er fagansvarleg i selskapet Mycoteam som er ekspertar på inneklima og muggsopp i bygningar.
For å unngå mugg er det viktig å få ut fukta så fort som mogleg.
– Det gjer ein best ved å lufte, gjerne med vifter. Då klarer ikkje soppen å etablere seg, forklarer Carlson.
– Men det må også komme luft til bak panel og parkett, og ikkje berre på dei synlege flatene, legg han til.
Så at vatnet steig i huset
Sambuarparet Bjørnar Ulsaker og Janne Wetterhus Holte bur eit steinkast unna Magnus Brennhovd på Nesbyen. Dei har fire barn og bur no hos gode venner.
Bjørnar Ulsaker og Janne Wetterhus Holte har fått store vasskadar i huset sitt og er førebudd på at det tek tid å renovere det etter flaumen.
Foto: Eirik Leivestad Hall / NRKEtter vel ei veke kom muggen til syne.
– Muggen har byrja å gro godt oppetter veggene allereie, seier Bjørnar. Og viser NRK dei små, grøne flekkene.
– Då vi byrja å rive, oppdaga vi muggen mellom platene, fortel Bjørnar.
Hos Bjørnar Ulsaker og Janne Wetterhus Holte har muggen alt komme.
Foto: Frida Synnøve Høyås / NRK
Får ikkje flytte heim før neste sommar
Og vatnet kom fort, fortel Bjørnar. Det tok under ein time før kjellaren var fylt med vatn.
Men det slutta ikkje der. Ikkje før vatnet stod ein halv meter opp i etasjen over, var det stopp.
Det stod vatn rundt ein halv meter opp på veggen heime hos Janne og Bjørnar i Nesbyen. Ein ser vassmerka etter vatnet på kortveggen.
Foto: Eirik Leivestad Hall / NRKHan forstod allereie då at det kom til å bli mykje å gjere.
Noko av det første paret gjorde, var å kontakte forsikringsselskapet. Dei har også hatt takstmann som har sett på skadane.
No veit dei at både kjellaren og første etasje må rivast og pussast opp. Og at dei ikkje kan flytte tilbake før neste sommar.
Overraska over kor fort muggen kom
Mange kommunar vart hardt ramma av uvêret. Det gjekk jordskred, og elvar og innsjøar fløymde over.
Berre i Nesbyen er det rundt 30 bustader der folk ikkje kan bu på ei god stund, ifølgje tal frå kommunen.
Forsikringsselskapa har registrert rundt 7000 meldingar på flaumskadar på bygning, innbu og eigedommar. Det inkluderer ikkje skadar på bilar og campingvogner.
Norsk Naturskadepool anslår at skadane vil koste minst rundt 1,6 milliardar kroner. I tillegg kjem kostnader for øydelagde vegar og jernbane som ikkje er med i berekningane.
Viktig å kontakte forsikringsselskapet
Sigmund Clementz er kommunikasjonssjef i If forsikring.
Foto: IfIfølgje kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If forsikring, er det mange som vil og kan gjere ein del sjølv til å byrje med.
Men han presiserer at det er viktig å først kontakte forsikringsselskapet.
– Mange står igjen med ingenting. Kvardagen blir snudd opp ned når dei no skal ha handverkarar inn og ut av huset sitt i vekevis, seier Clementz til NRK.
Ventar mange førespurnader
Ole Erik Carlson og kollegaene hans i Mycoteam førebur seg på at arbeidsdagane kjem til å bli litt travlare om kort tid.
– Om cirka ei veke, når saneringsarbeidet har komme i gang, kjem vi til å få ein god del førespurnader frå både forsikringsselskap, saneringsselskap og huseigarar som vil ha det kontrollert, seier Carlson.