Hopp til innhold

Støvsugde marknaden for esler – no har dei starta eselvandring

Du har kanskje høyrt om alpakkavandring. I Gol kan du no også vandre med esel.

Når ein får dreisen på esla, er eselvandring ganske koseleg, synest familien Reiten Steine.

Når ein får dreisen på esla, er eselvandring ganske koseleg, synest familien Reiten Steine.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Kom då!

Maaike Visser drar med seg eselet «Bobby» til ein ventande familie.

Ho og mannen Jan Kattenberg ønska seg ein «kos og klappe»-faktor på campinga Tubbehaugen i Gol. Det måtte berre bli esel.

– Mannen min meinte det aldri kom til å gå fordi det nesten ikkje finst esel i Noreg. Så da sa eg at då skal me ha det!

Som sagt, så gjort.

Om du har prøvd å kjøpe dei esla som dukka opp på Finn.no det siste året, har du ikkje klart det. Dei står nemleg i Gol.

– Alle esla som vart lagt ut for sal på Finn.no det siste året, har me kjøpt, smiler Visser stolt.

I alt fem eksemplar: Rossi, Molly, Bobby, Tøffe og Oscar.

Maaike Visser og mannen Jan Kattenberg har kjøpt seg sjeldan vare.

Maaike Visser og mannen Jan Kattenberg har kjøpt seg sjeldan vare.

Esel er sjeldan vare i Norge.

Det er ikkje berre enkelt å få tak i esel i Norge.

Eselvandring på Golsfjellet.

Dei er veldig nyskjerrige og finn alltid på noko tull, seier Visser.

Esla Tøffe og Oscar er brør.

Esla Tøffe og Oscar er brør.

Sta som eit esel

Familien Reiten Steine skal ta med seg Bobby og Rossi ut på tur. Eller eselvandring, om du vil.

Mor Mary er ikkje så van med eslar frå før av, men satsar på at det går bra.

– Det er fint å få tatt med ungane ut litt. Det blir litt mykje TV-titting og data. Så me tenkte eslar var ein strålande ide. Litt utanom det vanlege, forklarar ho.

Sta som eit esel, har du vel kanskje høyrt før. Heilt usant er det ikkje.

– Utfordringa blir vel å få dei med der me vil dei skal gå. Men den utfordringa tek eg. Me må berre vise kven som er sjefen, smiler Mary.

Campingeierne Maaike Visser og Jan Kattenberg tilbyr eselvandring på Golsfjellet.

Etter litt startproblem og eit esel som braut seg ut for å vere med på tur, går vandringa som ein draum.

– Det vart litt strabasiøst til å begynne med. Men no ser det ut til å gå greitt. Det gav meirsmak, eg kunne godt tenke meg ein lengre tur.

Ungane nikkar entusiastisk.

Bitne av basillen

Dei seinaste åra har alpakkavandring blitt populært. Visser trur ho veit kvifor folk vil vandre med dyr på tur.

Familien Reiten Steine på veg ut med Bobby og Rossi.

Familien Reiten Steine på veg ut med Bobby og Rossi.

Ingerid Elida Reiten Stein på tur med eselet Bobby.

Ingerid Elida Reiten Stein på tur med eselet Bobby.

Det er ikkje berre berre å gå tur med esel.

Det er ikkje berre berre å gå tur med esel.

Når ein får dreisen på esla, er eselvandring ganske koseleg, synest familien Reiten Steine.

Når ein får dreisen på esla, er eselvandring ganske koseleg, synest familien Reiten Steine.

Turen gav meirsmak for familien.

Turen gav meirsmak for familien.

Ut på tur, aldri sur!

Ut på tur, aldri sur!

– Det er så utruleg koseleg med den nærleiken til dyr. Dyra synest også det er fint. Det blir sagt at esel er sta, men dei elskar å gå på tur. Og dei elskar å ha kontakt med menneske, seier Visser.

– Det blir ikkje for mykje tur for esla, då?

– Nei, eg trur dei storkosar seg.

Dei er så bitne av basillen at dei skal importere to esel til.

– Eg har kjøpt meg hund i Nederland der eg er frå og då sa mannen min at eg like gjerne kunne ta med to esel. Så da vart det slik, ler ho.

Flere nyheter fra NRK Buskerud