Hopp til innhold

Må vente på reint vatn

Innbyggarane i Rollag må vente i fire veker på reint drikkevatn i springen etter flaumen.

Bjørn Bekkejord kjører båt til jobb
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Under flaumen kom det inn vatn i pumpeanlegget i Rollag som øydela det tekniske utstyret, skriv Lågendalsposten.

Nå får folk i Rollag vatn frå det gamle vassverket som er infisert med e-colibakterier og coliforme bakterier.

- Dei må difor koke drikkevatnet, seier fungerande teknisk sjef Knut Landsverk.

Han fortel at dei nå jobbar med å klorbehandling av vassverket og leidningsnettet.