Hopp til innhold

Må bu i brakker

Kongsberg videregående skole må truleg flytte inn i brakker etter flaumen.

Myntbrua E134 over Numedalslågen i Kongsberg
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Kongsberg videregående skole jobbar nå med å finne alternative løysingar for å kunne ta i mot elevar i august.

Skulen fekk store skader i flaumen.

Vil finne løysingar

Fungerande fylkesrådmann, Linda Verde, seier at brakker truleg vil erstatte dei fem øydelagte klasseromma.

I tillegg blei idrettshallen øydelagt.

Skulen arbeider nå med å finne alternative løysingar for fysisk aktivitet.

Vil reparere skadene

Rektor ved Kongsberg videregående skole, Kirsten Bøckman, veit ikkje kor lang tid det vil ta å reparere skadene.

- Men vi håpar at vi kan ha dei alternative klasseromma klare til skulen startar i august, seier Bøckman.