– Eg oppfattar det som seriøs forsking der ein undersøkjer kva som får oss til å reagere når menneske er i nød. Er det ein refleks? Ei impulshandling? Rekk ein å tenkje konsekvensar?
Det seier Oddvar Hansen til NRK.
Før naudetatane kom til staden, redda lokalbefolkninga, hyttefolk og feriegjester ungdommar opp frå vatnet og tok vare på dei på land.
Hansen og fleire av dei andre hjelparane deltek i forskingsarbeidet på innsatsen til frivillige når kriser oppstår. Hansen meiner forskinga anerkjenner den innsatsen frivillige gjer.
– For vår del tenkte vi ikkje over kva vi kasta oss ut i då vi tok båten ut i Tyrifjorden for å redde livredde ungdommar frå Utøya. Vi rakk liksom ikkje å tenkje over det, vi berre gjorde det. Vi skjønte nokon trong hjelp, då er vi laga sånn at vi reagerer, fortel Hansen.
– Ein respons som skjedde på automatikk
Saman med forskarkollegaer i SINTEF, som leiar prosjektet, har Stian Antonsen ved NTNU Samfunnsforsking snakka med mange av dei som bidrog ved Utøya under terrorangrepet.
– Det som overraska meg, var at dei ikkje brukte tid på tankar og vurderingar. Dei hamna berre rett i handling. Det var ein respons som skjedde på automatikk, det var ikkje noko alternativ, seier han til NTB.
Den responsen kjenner Hansen seg igjen i.
– I ettertid kan ein kanskje seie at det var bra at vi ikkje tenkte for mykje, då ville vi kanskje vorte redde og trekt oss tilbake. Kanskje handlingslamma. Eg trur ingen veit sikkert korleis ein vil reagere før ein plutseleg står midt oppe i det. Ingen reagerer likt, seier Hansen.
Stort internasjonalt forskingsprosjekt
Forskinga er ein del av eit større EU-prosjekt der åtte land ser på rolla til vanlege innbyggjarar under store katastrofar.
Forutan Noreg deltek Sverige, Frankrike, Spania, Italia, Israel, Belgia og Romania. Både naturkatastrofar, som jordskjelvet i Italia i 2016, store ulykker og andre terrorangrep blir undersøkt.
Hansen fekk tildelt medaljar for edel dåd for redningsinnsatsen sin, og er spent på kva resultatet av forskinga vil vise.
– Det skal bli spennande å sjå forskinga på dette, om ein finn at det er felles reaksjonsmønster i alle land eller om det er forskjellar. Om noko er instinkt, refleks eller ei djup kjensle av å ville trø til, forklarer Hansen.
Ikkje alle er positive til forskingsprosjektet
Brede Johbraaten, eigar av Utvika Camping, var med på redningsarbeidet på land 22. juli. Han er lei av at det stadig blir grave i hendinga. Johbraaten har fått tilbod om å vere med på forskinga, men har takka nei.
– Vi er rett og slett slitne og lei av alt som har vore i desse elleve åra. Å byrje å grave oppi saka igjen, det orkar vi ikkje, seier han.
– Vurderte du det sjølv som farleg å hjelpe til?
– I ein sånn situasjon så handlar ein av refleks, og tenkjer ikkje igjennom faresituasjonar. Ein berre gjer det ein må, forklarer Johbraaten.
Sjølv meiner han at 22. juli-kommisjonen gjekk grundig nok inn i saka, og at det bør vere nok å lese rapporten deira.
NRK kjenner til at fleire har valt å ikkje vere med på forskingsprosjektet.
Innsatsen frå sivilbefolkninga var avgjerande
Målet er at forskinga kan danne eit grunnlag for samfunnstryggleik og beredskap.
Under terrorangrepet på Utøya vart innsatsen frå sivilbefolkninga avgjerande, og hjelparane som bidrog gjer Antonsen optimistisk.
– Dei gjer det på ryggmargsrefleks, og med risiko for seg sjølv, for å hjelpe andre. Det var over 100 av dei og berre éin gjerningsmann. Heldigvis er det feige lag.